Hopp til innhold

Tesla-sjefen i Noreg etter ladetrøbbel

Eit særnorsk ladeproblem fekk den populære skaparen av elbilen Tesla, Elon Musk, til å vitja Noreg i eigen person laurdag. No vil han gjera Tesla til norsk folkebil.

Ein fanskare på heile 1400 møtte laurdag opp då Tesla-skaparen Elon Musk kom til Oslo for å relansera elbilen som vinterbil.

Tesla-sjef Elon Musk fekk ein varm velkomst av ein tilhengarskare på 1400 då han laurdag vitja Oslo. Dette til tross for at vinterkulda har gitt mange norske Tesla-eigarar trøbbel med ladinga av elbilen.

Den norske vinterkulda har stukke kjeppar i hjula på elbilprodusenten Tesla sin bestseljar, Model S. I det siste har mange rapportert om ladetrøbbel når temperaturen kryp ned på minussida.

Laurdag kom Tesla-sjefen i eigen person til Noreg for å visa at dei tek problemet på alvor, og for å relansera Tesla som vinterbil.

– Noreg er ein av dei viktigaste marknadene i verda for oss. Hovusbodskapen er at me verkeleg bryr oss om kundane våre her i Noreg og at me ønskjer å gjera alt me maktar for å tilfredsstilla dei, sa Tesla-skaparen Elon Musk til NRK like før han møtte fanskaren sin på Folketeateret i Oslo laurdag.

Lovar problemfri vinterlading

Tesla

Det var ikkje ladekabelen, men det norske straumnettet som var årsaka til ladesvikten for Tesla sin bestseljar Model S, forklara Tesla-sjef Elon Musk då han var på besøk i Oslo laurdag.

Foto: ROBERT GALBRAITH / REUTERS

Tesla-skaparen Elon Musk er kjend for å sikta høgt, og har sett seg som mål å fjerna bensinbilane frå vegane. Ambisjonen for den norske marknaden er også høg: å selja heile 200.000 nye bilar i løpet av dei neste ti åra.

Tesla har allereie ein solid tilhengarskare i Noreg, landet som kjøper flest Tesla-bilar i heile Europa.

Det særnorske problemet med lading i vinterkulde har difor fått høg prioritet, og skal no vera ein saga blott.

– Ein trudde først at det var ladekabelen som svikta i vinterklimaet. Sidan har det vist seg at det er spenninga i det norske straumnettet som varierer meir enn venta, forklara Musk under møtet i Oslo laurdag.

1400 møtte Tesla-sjefen

Tesla-møte i Folketeateret

Det vart nesten halleluja-stemning i Folketeateret i Oslo då Tesla-sjefen inntok scenen.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Problemet såg ikkje ut til å ha lagt ein dempar på entusiasmen til dei 1400 frå ulike delar av landet som kom til Folketeateret i Oslo for å høyra på Musk.

Applausen og latteren runga. Frå salen fekk han både spørsmål og råd om korleis han kan gjera bilen betre.

Det store oppmøtet overraska Tesla-sjefen.

– Intensjonen var å ha eit uformelt, koseleg folkemøte på Tesla-servicesenteret, men det var ikkje plass til 1400-1500 menneske der. Mange blei skuffa då dei ikkje fekk plass på møtet, så no har me flytta det til teateret, fortel Musk.

Tesla er den nest mest selde elbilen i i landet etter Nissan Leaf, ifølgje Opplysningsrådet for Vegtrafikken AS.

I fjor blei det totalt registrert om lag 7700 elektriske personbilar i Noreg - ei dobling frå 2012. Totalt er det over 20.000 elbilar på norske vegar, ifølgje Norsk Elbilforening.