Hopp til innhold

Telenor-aksjar kan likevel bli selde

Russiske styresmakter seier ifølgje Reuters at Telenors aksjar i VimpelCom likevel kan bli lagde ut for sal før ankesaka om aksjeposten er behandla.

I går kom nyheita om at namsmannen i nær framtid vil klargjere aksjane til Telenor i Telecom-giganten Vimpelcom for sal.

Tidlegare i dag vart dette avvist av russiske rettsstyresmakter , men seint kveld blir det opplyser at aksjane likevel kan bli lagd ut for sal før ankesaka er behandla.

Tilbakeviser uttale

Dermed dementerer den russiske føderale namsmannen ei uttaling frå sin eigen visedirektør tidlegare på dagen.

Første visedirektør Sergej Sazanov slo fast at salet ikkje ville bli gjennomført før det var felt ei avgjerd i ankesaka, men dette blir no tilbakevistinternettsidene til etaten.

Der står det at prosessen med å leggje aksjane ut for sal allereie er i gang, og at eit eventuelt sal ikkje vil bli stansa på grunn av ankesaka.

Fryktar stortap

Telenor eig 33,6 prosent i VimpelCom. Aksjane er i dag i arrest, og Telenor fryktar at aksjar med ein verdi på 30 milliardar norske kroner vil bli selde til spottpris.

Ved eit eventuelt tvangssal vil Telenor risikere eit gigantisk tap , sjølv om Telenor til slutt skulle vinne den juridiske bataljen i russisk Høgsterett til hausten.