Hopp til innhold

Svindla for 100 millionar

Forsikringsselskapet Europeiske betalte ut over ein milliard i erstatning i fjor. Minst 100 millionar av desse er svindel, hevdar selskapet.

Penger
Foto: /Montasje Rainer Prang / NRK

- Det blir svindla heile året, men sommaren er høgsesong for erstatningskrav sidan folk reiser mest då, seier informasjonsdirektør i
If skadeforsikring, Jack Frostad.

400 millionar

Frå skuleferien startar til skulane byrjar igjen reknar Europeiske med å betala ut om lag 400 millionar kroner i erstatningskrav frå kundar.

- I 2006 betalte me ut 245 millionar. Så det har vore ei veldig sterk auke, seier Frostad.

I løpet av heile fjoråret betalte Europeiske ut over ein milliard i erstatning til kundane sine. Av dei gjennomsnittlege tala bransjen har på erstatningskrav, er minst 10 prosent av dei urettmessige krav og forsikringssvindel.

Jack Frostad

Informasjonsdirektør i If skadeforsikring, Jack Frostad.

- Vil finansiera ferien

Frostad seier det er fleire grunnar til at folk svindlar på forsikringa. Han trur nokon planlegg å gjera det, medan ein del berre nyttar høve som byr seg til å overdriva skadekravet sitt.

- Andre har eit håp om å finansiera ferien sin gjennom dette, seier informasjonsdirektøren og legg til at han har sett mange døme på forsøk på svindel, både banale og sofistikerte.

LES: Unge vil svindla

Ei 28 år gamal kvinne hevda ho hadde teke vekk cyster på eggstokkane, etter å ha fått operert inn silikon i brysta. Rekninga på 23.500 kr leverte ho til Europeiske Reiseforsikring saman med ei forfalska legeerklæring frå Den dominikanske republikk.

Seks år i fengsel

Mange trur forsikringssvindel inneber ein låg risiko og reknar ikkje med å bli tekne.

- Det er ikkje alle som forstår at bedrageri er ei svært alvorleg handling, som det er særskild fokus på i straffelova, seier Frostad.

Ei kvinne frå Molde meldte frå til Europeiske om at brillene til ektemannen vart øydelagde under feriereisa. Ho la fram kvittering på brillekjøpet, men undersøkingar viste at dei 6500 kronene ho søkte om erstatning for, gjaldt brillekjøp til far hennar. Europeiske anmeldte kvinna, som vart dømt til betinga fengsel med to års prøvetid.

LES ÒG: Dømt for forsikringssvindel

Den mildaste straffa er på opptil tre år i fengsel, for å ha overdrive eit skadekrav. Ved grovare tilfelle kan ein få opp til 6 år i fengsel.

- Dette er eit varsel til folk om at døra ikkje står på vidt gap hjå forsikringsselskapa, sler Frostad fast.