NRK Meny
Normal

Svak dollar redder norsk bensinpris

Prisen på Nordsjøolje har aldri vore høgare enn idag. Likevel stig ikkje prisen på bensin. Kva er det som gjer at vi framleis kan fylla tanken med bensin til under 12 kroner literen?

Oljehandel i New York-børsen
Foto: Mary Altaffer / AP

Tidlegare har vi sett at når oljeprisen stig, så stig også prisen på bensin.

Det har vore som ei naturlov.

Det førte mellom anna til at vi for eit par år sidan måtte betale rundt 13 kroner literen.

Rekordpris på råolje

Når oljeprisen i desse dagar går mot stadig nye rekordar, så har det fleire årsaker.

For det første så er etterspurnaden etter olje i verda litt større enn det oljelanda kan levera.

I dag produserer alle oljelanda det dei maktar. Det gjeld alle OPEC-landa, det gjeld Nordsjøen og elles andre oljeproduserande land.

Det er denne situasjonen som har ført oljeprisen frå 20-30 dollar fatet for tre år sidan, og til rekordprisane vi ser idag på over 80 dollar for eit fat Nordsjøolje.

Og når det blir knapphet på olje, som er ein av verdas viktigaste ressursar, så vil politisk uro, naturkatastrofar som til dømes orkanar, føra til auka press på oljeprisen.

I desse dagar er det frykt for at tyrkiske soldatar skal gå inn i Nord-Irak som presser oljeprisen til rekordhøgder.

Svak amerikansk dollar

I dag er den norske krona utruleg sterk, ho er sterk mot andre nordiske valutaer, mot euro og mot dollar.

Sterkt forenkla har dette si årsak i våre enorme oljeinntekter.

Over tid kan vi sjå korleis den norske krona styrker seg når oljeprisen stig, og korleis ho svekkjer seg når oljeprisen fell.

I tillegg har den amerikanske dollaren svekka seg vesentleg den siste tida. Det skuldast mellom anna vanskar i den amerikanske økonomien med rotne lån og bankproblem.

Som eit resultat av dette treng vi i dag berre 5 kroner og 40 øre for å kjøpa ein amerikansk dollar.

Og sidan all olje blir handla i dollar, så er det utruleg mykje olje vi får når vi betaler med ei sterk norsk krone.

Difor er det at høge oljeprisar ikkje fører til sjokkprisar på norsk bensin. Svak amerikansk dollar reddar den norske bensinprisen.