Streikande kan miste ferien

Sjukepleiarar, lærarar og andre som er tekne ut i streik, kan miste sommarferien dersom streiken blir langvarig, seier leiar i Unio, Anders Folkestad.

Anders Folkestad
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Kilde: NRK

Sommarferien nærmar seg med stormskritt. No kan ferien ryke for fleire av dei streikande.

Utelukkar ingenting

- I ein streikesituasjon kan ein ikkje utelukke noko som helst, seier Folkestad

I ei arbeidskonflikt er det ikkje noko som heiter ferie. Under streiken er dei fagorganiserte formelt tilsett i fagforeininga, og det er ingen planar om ferieavvikling i Unio.

Uvanleg sommar

Dermed kan 14.000 arbeidsfolk miste ferien.

- Dersom vi er i streik blir det ein uvanleg sommar for alle dei streikande, men vi veit ikkje heilt korleis dette eventuelt skal handterast, seier Folkestad.