NRK Meny
Normal

Støttar ny SAS-strategi

Norsk Kabinforening støttar SAS-leiinga sine planar for omorganisering av selskapet. No skal SAS samlast til eitt selskap, slik det var før.

Norsk Kabinforening blei informert om planane for ny selskaps-struktur i går kveld.

- Slik eg forstår dette, blir dei enkelte nasjonale selskapa i SAS-konsernet no samla til eitt skandinavisk flyselskap. Det er ei god løysing, seier seier leiaren i Norsk Kabinforening, John Lyng.

Energien mot kundene

I 2004/2005 blei SAS-konsernet delt opp i fleire underselskap. Lyng meiner dette har ført til altfor stort fokus på å få samarbeidet mellom selskapa til å fungere.

- No kan vil bruke energien på konkurrentane og kundane. Vi er glade for at konsernsjef Mats Jansson tek tak i dette, seier John Lyng. Han trur endringane kjem til å skje raskt.

I dag blei det kjent at 3000 tilsette i SAS må gå. I tillegg må 5600 gå som følgje av at SAS sel underselskap og set ut arbeidsoppgåver til andre selskap.

Parat er den største arbeidstakarorganisasjonen i SAS og har om lag 2000 medlemmer i SAS-konsernet sin norske del. Parat organiserer både tilsette på bakken, flygarar og kabintilsette.

Kraftige grep

- Det er ingen tvil om at dette er svært dramatisk for dei tilsette, seier nestleiar i Parat, Vegard Einan. Men den økonomiske situasjonen i konsernet og fallet i talet på flypassasjerer gjorde det nødvendig å ta kraftige grep for å sikre flyselskapet ei fremtid, seier Einan.

- Dette er eit bevis på dårleg økonomisk handverk over lang tid, seier Einan. Han er uroa over at medlemmer kan miste arbeidet, men har inga tru på at det er mogeleg å unngå masseoppseiingar.

Det er førebels uvisst kor mange som kjem til å misse jobben i dei ulike delane av SAS.

Organisasjonskart SAS Group
Foto: Grafisk / NRK