Hopp til innhold

Stor interesse for norsk sokkel

Dei siste seks åra har 17 nye selskap fått lisensar, og fleire kjem til på norsk sokkel. Departementet vil nå ha fleire selskap inn på sokkelen.

Norsk sokkel er svært populær
Foto: Richardsen, Tor / Scanpix

Den siste tildelingsrunden vert forseinka, rett og slett fordi det er så mange søkarar.

Olje- og energidepartementet reknar med at ein tredel av olja og gassen vår ennå ikkje er funne, og ville ha fleire selskap inn på norsk sokkel for å leita.

Det har lukkast. 43 selskap er søkarar når departementet no skal tildela lisensar i område der det alt er oljeverksemd.

- Det likar vi veldig godt, for då får vi eit mangfald av syn på kvar det er olje og gass på sokkelen. Det treng vi for å finna dei gjenverande ressursane, seier ekspedisjonssjef Gunnar Gjerde i olje- og energidepartementet.

Tre typar selskap

Det er i grove trekk tre typar selskap som kjem inn no. Mindre og ofte nye selskap, gass-selskap som også vil vera produsentar og relativt store selskap som ikkje har vore etablerte på norsk sokkel før. Dei siste seks åra har 17 nye selskap fått tildelt lisensar, og ytterlegare 15 nye selskap er søkarar i den siste tildelingsrunden av såkalla førehandsdefinerte område. Denne tildelingsrunden skulle vore ferdig før jul, men departementet fekk så mange søknader at runden tildelinga er noko forseinka. Gjerde reknar med at tildelinga er klar ganske snart.

- Er dette ei forseinking de tek med eit smil?

- Absolutt, det synes vi ikkje er noko problem, og det trur vi ikkje selskapa synes heller, seier Gjerde.

Gunstige leitevilkår

Ein av søknadane kjem frå Revus Energy i Stavanger. Eit fire år gamalt selskap som er inne i 28 lisensar.

- Norsk sokkel har store mengder uoppdaga ressursar, både i modne område og i mindre modne område nordover, seier Revus-sjef Harald Vabø. Han meiner også at den norske skatteordninga gjer norsk sokkel interessant for nye selskap.

Selskapa på sokkelen betaler 78 prosent skatt, men før dei byrjar å tena pengar får dei utbetalt skattefordelen. Dei får altså dekka 78 prosent av leitekostnadane. Det gjer det svært lukrativt for mindre selskap å leita på norsk sokkel.

Gunnar Gjerde trur også at norske skattereglar er medverkande til at så mange nye selskap no vil inn på norsk sokkel. Ellers i verda kan vilkåra vera tøffe, mange stader må selskapa betala i dyre dommar på auksjonar for å få ein lisens og det kan også vera vanskeleg for utanlandske selskap å koma til.

- Vi har eit regime som tillet utanlandske selskap å få konsesjonar, men med strame reglar på skatt og andre vilkår. Det fungerer ganske godt, seier Gjerde.

Stor interesse for norsk sokkel (Reporter: Eva Sleire)

Store selskap mista interessa

- For nokre år sidan var interessa for norsk sokkel dalande blant dei store selskapa, samstundes var det ei rekke mindre selskap som var interesserte i å leita på sokkelen. Derfor opna vi opp for slike selskap for nokre år sidan, seier Gjerde.

Det var også i utgangspunktet få operatørar på norsk sokkel, og det var gradvis færre etter som dei store selskapa slo seg saman. Like før jul varsla også dei to største operatørane, Statoil og Hydro, at dei vil slå seg saman. No kjem det inn fleire nye operatørar.

Fleire av dei nye selskapa er alt prekvalifiserte som operatørar på norsk sokkel, og dei får ansvaret, men ikkje kvar som helst, seier Gjerde.

- Vi har ei klar og konkret vurdering av kvar dei kan få operatørskap, i høve til den kompetansen dei har. I miljøfølsomme område føretrekk vi i høg grad dei veletablerte selskapa som vi kjenner godt, seier Gjerde.