Hopp til innhold

Indisk IT-statsråd seier Telenor er utan skuld

Den indiske IT- og kommunikasjonsministeren meiner Telenor er utan skuld i korrupsjonssaka, ifølgje statsråd Rigmor Aasrud.

Kapil Sibal

Indias IT- og kommunikasjonsminister Kapil Sibal

Foto: Manish Swarup / Ap

Rigmor Aasrud

Statsråd Rigmor Aasrud

Foto: Holm, Morten / Scanpix

– Indiske styresmakter ser på Telenor som ein viktig samarbeidspartnar, og dei håpar samarbeidet held fram, seier fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud til NRK.

Tidlegare i dag møtte ho den indiske IT- og kommunikasjonsministeren Kapil Sibal i New Dehli.

Ifølgje Aasrud meiner Sibal at Telenor er råka av hendingar som skjedde før den norske telekomgiganten kom inn i India.

– Statsråd Kapil Sibal stadfesta veldig tydeleg at Telenor har kome opp i ein situasjon som dei ikkje er skuld i, seier Aasrud.

Møtte også Telenor

Førre fredag blei det kjent at det indiske dotterselskapet til Telenor, Uninor, hadde mista 22 mobillisensar til å driva nett for 36 millionar mobilkundar i India.

Avgjerda kom etter ein dom i indisk høgsterett, og grunngivinga var underprising og juks ved tildelinga av lisensane. Like etterpå varsla Telenor nedskrivingar på 4,2 milliardar kroner.

Asia-direktør og Uninor-leiar i Telenor, Sigve Brekke, stadfestar at han også møtte den indiske statsråden i dag, men vil ikkje seia noko konkret om kva som blei diskutert.

– Det var eit godt og informativt møte der me presenterte vår sak. Eg kan ikkje gå i detaljar på kva som blei diskutert, skriv informasjonssjef Glenn Mandelid i Telenor i ein e-post til NTB.

Uninor-skandale i India

Uninor er Telenors datterselskap i India.

Foto: Joar Hoel Larsen / NRK

Telenor kjøpte seg inn i allereie tildelte mobillisensar i 2008 ved å investera 8 milliardar for ein eigardel på 67 prosent i selskapet Uninor. Den andre eigaren er indiske Unitech Wireless.

Telenor garanterer også for ei gjeld på 6 milliardar kroner.

Selskapet kan velja å delta i ein eventuell ny bodrunde om sine gamle lisensar, men kjempar ein kamp med dei indiske styresmakter om å sleppa å betala to gonger for same vare.

Nøgd statsråd

Statsråd Aasrud er glad for at det er etablert kontakt mellom Telenor og indiske styresmakter på høgste nivå.

– Noreg respekterer dommen frå høgsterett, men det er viktig at norske verksemder opplever at det er trygt og stabilt å investera i India, seier ho.

Ho oppfattar at indiske styresmakter ønskjer ein konstruktiv dialog for å finna ei akseptabel løysing.