NRK Meny
Normal

Sprøyter milliardar inn i marknaden

Den amerikanske statsbanken sprøyter enorme summar inn i marknaden, og Wall Street reagerer med oppgang.

Ben Bernanke er sjef for den amerikanske sentralbanken.

USAs sentralbanksjef Ben Bernanke sprøyter enorme summar inn i marknaden.

Foto: Susan Walsh / AP

Dette er klart etter den amerikanske sentralbanken sitt rentemøte i dag. Styringsrena, som lilgger mellom 0 og 0,5 prosent, vil bli uendra.

Sentralbanksjef Fred Bernanke seier at dei vil kjøpe statsobligasjonar for 300 milliardar dollar, 2000 milliardar kroner, det neste halve året.

I tillegg skal ha kjøpe opp rotne lån for inntil 5000 milliardar kroner.

Finanskrise

Sjeføkonom i Handelsbanken, Knut Anton Mork

Sjeføkonom Knut Anton Mork i Handelsbanken er ovveraska.

Foto: NRK

I tillegg skal sentralbanken, i USA kalla Fed, også kjøpe opp anna gjeld for 1300 milliardar kroner.

Den internasjonale finanskrisa har slått hardt ut i USA. Arbeidsløysa i landet er no på over åtte prosent, og sentralbanksjef Ben Bernanke seier at det ikkje er betring i vente.

CNN melder at innsprøytinga av pengar i marknaden er langt større enn venta, og det vart godt motteke av amerikanske investorar.

Overraska

Sjeføkonom Knut Anton Mork i Handelsbanken seier til DN.no at han er overraska over at sentralbanken kjøper opp statsobligasjonar no. Han seier at Bernanke var positiv til å bruke slike verkemiddel for sju år sidan, men at han den siste tida har vore meir tilbakehalden.

Mork trur det har samanheng med at både Bank of England og den sveitstiske sentralbanken har gitt signal om å kjøpe statsobligasjonar.

Dow Jones-indeksen i New York viste ved stengetid ein oppgang på 90,88 poeng, 1,23 prosentpoeng, til 7486 poeng. Nasdaq-indeksen viste ein auke på 1,99 prosent, medan Standar & Poor's 500-indeks steig med 1,99 prosentpoeng.