Låneavtalane som blei inngått tysdag, er på nokre høgare summar enn marknadene hadde venta. Etterspurnaden etter statsobligasjonane som blir gjevne som tryggleik, var meir enn to og ein halv gong så stor som rekna med, viste data frå den spanske sentralbanken.
Rentesatsane på dei nye låna er vesentleg lågare enn ved ein tilsvarande lånerunde i juni. For obligasjonar med ei løpetid på 12 månader blei renta sett til vel 3,9 prosent, ned frå litt over 5 prosent i juni, medan tala for 18 månaders løpetid gjekk ned frå 5,1 til 4,24 prosent.
- LES OGSÅ: Spania ber formelt om bankhjelp
Statsminister Mariano Rajoy og regjeringa hans la i førre veke fram budsjettkutt og skatteaukingar som skal auka inntektene til staten med 65 milliardar euro eller vel 486 milliardar kroner. Innstramminga har løyst ut store protestdemonstrasjonar i Madrid.
Spania er inne i den andre resesjonen sin på fire år, med fall i verdien av dei produserte varene og tenestene i meir enn to kvartal på rad. Arbeidsløysa ligg på 24 prosent, og brutto innlandsproduktet BIP er venta å skrumpa med 1,5 prosent i år og 0.6 prosent neste år.