Hopp til innhold

Skal handsama 2000 «Røeggen-saker»

Etter dommen i Høgsterett i Røeggen-saka, tek Finansklagenemnda opp snautt 2000 tilsvarande klagesaker. Nemnda sender brev til bankane denne veka.

 

Røeggen vann mot DNB
Foto: Scanpix

Drygt 30 føretak og alle klagarane får brev.

Dersom banken heilt eller delvis avviser klagen, ber nemnda om ei grunngjeving og dokumentasjon.

Røeggen-saka kan bana veg for andre som klagar bankar inn for dårleg eller feil informasjon om strukturerte spareprodukt.