Hopp til innhold

SAS-tilsette trur ikkje på bonusar

Eit av tiltaka i SAS- leiinga sin nye strategi, er aksjar og rause bonusar for å få slutt på alle streikane. Leiaren i SAS' personalklubb meiner det ikkje går an å betale seg vekk frå problema.

Konsernsjef Mats Jansson SAS

Konsernsjef Mats Jannson la fram ein ny stategi for SAS- konsernet i går.

Foto: PONTUS LUNDAHL / SCANPIX / / SCANPIX

SAS sine bakketilsette trur ikkje aksjer og bonusar frå arbeidsgjevaren vil løyse konfliktene i selskapet.

Forslaget vart lagt fram av selskapets ferske sjef Mats Jansson i går kveld, som eit ledd i kampen mot nye streikar.

Fryktar oppseiingar

Jansson varsla kostnadskutt på 2, 8 milliardar svenske kroner fram til 2009.

I tillegg vil fleire underselskap bli selde, mellom anna spanske Spanair.

Dei ansatte fryktar at dette vil føre til oppseiingar.