Hopp til innhold

SAS: – Ryanair øydelegg norsk luftfart

SAS langar ut mot norske styresmakter for å ha følgt for dårleg med på Ryanair si verksemd i Noreg. I går avslørte NRK at lågprisselskapet kan ha brote norsk lov på fleire punkt.

Ryanair

Styresmaktene har vore for slappe i kontrollen av Ryanair, meiner SAS. At Ryanair skattar til Irland og ikkje til Noreg, kan vera i strid med norsk lov.

Foto: Rainer Prang / NRK

Knut Morten Johansen, SAS

Infosjef i SAS Knut-Morten Johansen meiner det er unnlatingssynd av norske styresmakter å følgja så dårleg med på Ryanair som dei har gjort hittil.

Foto: Knut Løvstuhagen/SAS

Ryanair betalar i dag skatt til Irland og ikkje til den norske staten fordi flya er registrerte i Irland.

Skattedirektoratet meiner dette kan vera i strid med norsk lov, ettersom dei tilsette bur på Rygge i Noreg. Det kunne NRK dokumentera tysdag denne veka.

Dei Ryanair-tilsette skulle dermed også ha skatta til Noreg og vore medlemmer i den norske folketrygda, med krav på dagpengar, barnetrygd, pensjon og sjukepengar, får NRK opplyst frå Skattedirektoratet og Arbeidsdepartementet.

Norske styresmakter har så langt ikkje teke affære. Infosjef i SAS Knut-Morten Johansen meiner dette trugar med å øydeleggja den norske luftfarten.

– Noreg har faktisk det beste luftfartsystemet i verda. Dette systemet vil bli rasert dersom dette skal få breia om seg - flyselskap som ikkje betalar skattar og avgifter og heller ikkje lønar dei tilsette på eit nivå dei kan leva av, meiner infosjefen.

Fekk ikkje løn når dei var sjuke

– Me er eit irsk selskap og betalar skatt i Irland. Me kjem aldri til å akseptera at me må betala skatt til eitt eller anna høgkostland, sa Ryanair-sjef Michael O'Leary då han møtte media under ei markering på Moss lufthamn Rygge i mai 2012.

To tidlegare Ryanair-flyvertinner som NRK har fått i tale, skildrar ein arbeidsgjevar som ikkje betalte ut løn ved sjukdom, og om løningar på om lag 150.000 norske kroner i året.

– Du er på ein måte pressa til å jobba når du er sjuk, fordi du ellers mistar mange flytimar, seier flyvertinna Alessandra.

Null sjukepengar og eit skattenivå på 11 prosent, som Irland har, kan ikkje SAS konkurrera mot på lovleg vis.

– Nei, du får ein skeiv konkurranse, definitivt, seier Johansen i SAS.

Alessandra, tidligere ansatt i Ryanair

- Det er urettferdig fordi eg bur i det dyraste landet, men har løn som i Sør-Europa, seier Alessandra, tidlegare flyvertinne i Ryanair.

Foto: Ingvil Øvretveit / NRK

Regjeringa lovar å undersøkja

Geir Pollestad

Skal gå Ryanair etter i saumane

Foto: Stortinget

Statssekretær Geir Pollestad i Samferdselsdepartementet seier de no vil sjå nærmare på saka.

– Me ønskjer ein sterkare innsats for å klarleggja kva handlingsrommet er, i ei næring som er stadig meir internasjonalisert. Det er bra at ein av bransejeaktørane kjem på banen og er oppteken av desse tinga. Det er viktig å sikra like konkurransevilkår, seier Pollestad.

Men SAS tykkjer styresmaktene kjem altfor seint på bana.

– Me har sakna at dei ikkje har reagert fordi det har vore ganske kjent for dei fleste no i to år at det er ganske stor kreativitet knytta til «bekvemmelighetsbaser» og lyssky verksemd med tanke på kvar ein skal skatta og så vidare, seier infosjef Knut-Morten Johansen til NRK.

Ryanair skriv til NRK at dei må ha eit lønsnivå som gjer det mogleg å sysselsetja 8000 personar.