Hopp til innhold

SAS hevar billettprisane

SAS aukar prisane på flybillettar på grunn av høg drivstoffpris. Ein tur-retur-billett blir 120 til 230 kroner dyrare.

Boeing 737-783 fra SAS
Foto: Jan Gulliksen / NRK

Som fleire andre flyselskap, hevar SAS bilettprisane sine på grunn av høge prisar på flybensin, skriv den danske reisesida Take Off.

Rammar ikkje alle

Kundar som har kjøpt billettar før 5. mai blir ikkje ramma av prishoppet, skriv dagbladet.no

Alle som kjøper flybillettar frå og med i dag, må betale rundt 120 kroner ekstra for ein tur/retur-billett innanriks, medan ein tur/retur-billett ut av Noreg aukar med rundt 230 kroner i pris.

Fyrste gong

Det er fyrste gong SAS innfører drivstofftillegg på sine europeiske ruter. Offisielt har flyselskapet berre hatt eit slik tillegg på sine oversjøiske ruter.

Prisen på råolje passerte 120 dollar fatet tidlegare denne veka. Analytikarar meiner prisane kan nå 200 dollar i 2008.

LES: Oljeprisen kan bli 200 dollar fatet

- SAS er ein tjuv

Ryanair har sendt ut ei pressemelding der dei skuldar SAS for å stjele frå kundane. Ryanair hevdar at dei aldri vil kome til å innføre drivstofftillegg.

Kommunikasjonsdirektør i SAS, Thomas Midteide, bles av kritikken og hevdar at Ryanair vil kompensere for drivstoffutgiftene på ein annan måte.

- Dei kjem vel til å ta endå meir betalt for ekstratenestene sine. Det er ikkje meir enn nokon månader sidan dei auka innsjekkingsgebyret med 31 prosent, seier Midteide til DN.no