Samde om likviditetsavtale i Hellas

Den greske regjeringa og bankane i landet kom tysdag fram til ei likviditets­avtale for å få økonomien på fote igjen.

George Papaconstantinou, finansminister Hellas

Finansministeren i Hellas, George Papaconstantinou gjev greske bankar nye garantiar for å redde økonomien.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

I byte mot statlege garantiar på 55 mrd. euro, skal kommersielle bankar sprøyte inn 25 milliardar euro i Hellas sin skakkjørte økonomi.

- Bankane skal revitalisere marknaden i form av lån, seier finansministeren George Papaconstantinou.

Kredittilgangen til greske bedrifter og privatpersonar fall med 1.2 mrd. euro frå juli til august i år, melder AFP.