Hopp til innhold

Posten i USA på randen av konkurs

Det amerikanske postvesenet er avhengig av krisemidlar frå Kongressen for å unngå å leggje ned til vinteren.

US-120933434 U.S. Postal Service Proposes Cutting 120,000 Jobs

Postvesenet i USA slit tungt, og må få hjelp frå styresmaktene for å unngå konkurs.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / Afp

– Situasjonen er svært kritisk. Dersom politikarane ikkje handlar vil me gå konkurs, seier postdirektøren Patrick R. Donahoe til New York Times.

Underskotet til postvesenet vil til saman nå 9,2 milliardar dollar dette budsjettåret. For å kjempe mot dei gigantiske underskota har postdirektøren tidlegare gått hardt til verks for å spare utgifter. 3.700 postkontor er nedlagt, 120.000 arbeidarar er permittert og post på søndagar er ikkje lenger mogleg.

Høge løningar

Årsaka til den katastrofalt dårlege situasjonen har i hovudsak to årsaker, ifølgje New York Times.

Inntektene har falle markant dei siste åra grunna postvanane til folk flest. Internett-revolusjonen har ført til at både privatpersonar og verksemder nyttar vanleg post i mykje mindre grad.

I tillegg har ei sterk fagrørsle gjort at lønsutgiftene til postvesenet har skutt i vêret. Lønsutgiftene utgjer heile 80 prosent av kostnadane til det statseigde selskapet. Til samanlikning så har privateigde FedEx berre 32 prosent lønsutgifter.

Kongressen må handle

Situasjonen skal opp i ei høyring i Senatet tysdag. Til no har det ikkje kome noko løysing på problemet, grunna oppheita debattar i Kongressen om heving av gjeldstaket.

– Dersom me ikkje gjer noko, dersom me ikkje handlar på ein smart måte, kan heile postvesenet bokstaveleg talt stenge seinare i år. Det er ikkje noko me treng i ein svak økonomi, seier den demokratiske senatoren Thomas R. Carper.

New York Times skriv at det er vanskeleg å sjå for seg at situasjonen skal betre seg utan føderal hjelp. Spådommar viser at inntektene vil fortsette å stupe fram mot 2020. Mykje av årsaka til dette er at ifølgje lova kan ikkje det offentlege postvesenet auke portoen meir enn auken i inflasjon.

Mange må gå

Postvesenet har lovt å ikkje permittere fleire tilsette, men må truleg gå tilbake på det for å løyse dei gigantiske problema. Dei kjem til å søkje om lov frå Kongressen om å seie opp 120.000 arbeidarar, i tillegg til å la nesten like mange førtidspensjonere seg.

Dette får ikkje overraskande fagrørsla til å sjå raudt.

– Me kjem til å slåss mot dette, og me kjem til å slåss hardt. Det er ulovleg for dei å heve kontraktane våre, seier Cliff Guffey, leiar av fagforeininga American Postal Workers Union.