Hopp til innhold

Porsche saksøkjer London

Bilfabrikanten Porsche trekk byen London for retten for eit forslag om nye bilavgifter. Dei som eig Porscher og andre verstingbilar risikerer avgift på 270 kroner dagen.

Porsche 911

Bilfabrikanten Porsche går til krig mot forslaget til ny klimaavgift i London.

Foto: INDRANIL MUKHERJEE / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein Porsche Boxster slepp ut godt over 200 gram CO2 per køyrde kilometer.

Bilfabrikanten Porsche skryt av at utsleppa deira er låge i forhold til andre raske og tunge bilar, men likevel er så godt som alle Porscher utsleppsverstingar.

No går bilfabrikanten til krig mot eit forslag til ny klimaavgift i London.

270 kroner dagen

- Vi har ikkje fått noko høve til å snakke med ordføraren i løpet av denne prosessen, seier leiar Andy Goss i den britiske Porsche-avdelinga til BBC.

Det var i førre veke at London-ordførar Ken Livingstone lanserte den nye avgifta. Livingstone vil at bilistar med store firehjulstrekkarar og sportsbilar skal betale 270 kroner dagen for å køyre i London. Dersom Livingstone blir attvald i mai, vil avgifta truleg bli innført i oktober.

- Ingen treng å skade miljøet ved å køyre rundt i såkalla Chelsea-traktorar i London sentrum, sa Livingstone, og sikta til familiar i den velståande bydelen Chelsea som gjerne køyrer rundt i store firehjulstrekkarar.

Men sportsbilfabrikanten Porsche syns saka er så alvorleg at retten bør ta stilling til den.

Trur ikkje på reduksjon

- Kundane har rett til å kjøpe dei bilane dei vil, seier Andy Goss i Porsche.

- Denne avgifta kjem dessutan ikkje til å føre til lågare CO2-utslepp, snarare tvert imot, seier Goss.

Dei meiner at avgifta vil ha liten effekt på dei totale utsleppa i London, men ifølgje styresmaktene i London kjem det til å bli 22.000 færre bilar i byen kvar dag. Alt i dag er det køprising i London. Dei fleste sjåførar betaler kring 100 kroner dagen for å køyre i sentrum.

- Folk kjem til å velje andre transportmiddel på grunn av denne avgifta, sa London-ordførar Ken Livingstone då han la fram forslaget i førre veke.

Svært ambisiøse mål

Det blir ikkje like glamorøst å køyre Porsche med ei ekstraavgift på opptil 70.000 kroner per år. Ordførar Ken Livingstone brukar også fem milliardar kroner på å få folk til å sykle, fordi byen skal redusere utsleppa sine med heile 60 prosent innan 2025.

- Det er prinsippet om at den som forurensar, betaler for det, seier Mark Watts til BBC. Han er London-ordføraren sin rådgivar i klimaspørsmål.

- Ingen likar å kaste søppel på gata, og ingen treng å køyre store bilar i London. Folk kan godt få gjere det viss dei vil, men då må dei betale for skaden dei gjer slik at vi kan bruke pengane på tiltak som reduserer utslepp andre stader, seier Watts.

Innrømmer høge utslepp

Karbon-avgifta råker kring åtte prosent av bilane i London, bilar som slepp ut meir enn 225 gram CO2 per kilometer. Til samanlikning slepp ein drivstoffgjerrig bil som Toyota Prius ut kring 104 gram CO2 per kilometer.

Andy Goss i britiske Porsche innrømmer at bilane hans slepp ut mykje CO2.

- Det er nok høgt opp på 200-talet, ja, seier Goss.

I Noreg har regjeringa har som mål å redusere utsleppa frå nye bilar til 120 gram per kilometer i 2012. Men ingen norske byar har så langt gått inn for liknande tiltak mot "verstingane" som det London no gjer.