Partane i Oslo-meklinga tek pause

Det er pause i meklinga om lønsoppgjeret for dei tilsette i Oslo kommune. Meklinga mellom partane blir teken opp att tysdag.

Sorenskrivar Geir Engebretsen

Riksmeklar Geir Engebretsen

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK
Journalist

Det blei mekla i konflikten heile fredagen, men partane har ikkje klart å koma fram til ein avtale.

- Det blir difor pause i pinsehelga, opplyser kontoret til Riksmeklaren til NRK i natt.

Meklar for 43.000 tilsette

Forhandlingane i tariffoppgjeret i Oslo kommune gjeld for fleire enn 43.000 tilsette. Fleire enn 2.500 tilsette kjem til å bli tekne ut i ein eventuell streik i første omgang.

Skular og skulefritidsordningar er blant verksemdene som kan bli råka.

Oslo kommune er eit eige tariffområde, og er dermed ikkje omfatta av forhandlingane i KS-området.

Forhandlingane blir førte mellom Oslo kommune og dei fire forhandlingspartane KAH (Kommuneansattes Hovedsammenslutning), Unio, Akademikerne og YS.

Opptrapping av streik etter pinsen

Lønsoppgjeret for dei tilsette i staten og KS-området braut saman natt til torsdag, og mellom 25.000 og 30.000 arbeidstakarar over heile landet er til no tekne ut i streik.

Rett over pinse tek Fagforbundet ut 15.000 fleire medlemmer i streik landet rundt. YS doblar talet på streikande når dei tek ut 500 til. UNIO har førebels ikkje varsla ei utviding av streiken.