Hopp til innhold

Oslo Børs nede for telling

Oslo Børs held fredag ettermiddag stengt på grunn av tekniske problem. Det er «umogleg å seia» om handelen kjem i gang att i løpet av fredagen.

Oslo Børs

Tekniske problem med produksjon av indeksar skal vera årsaka til at Oslo Børs er nede for telling fredag ettermiddag.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Problema starta ved 12.40 tida. Klokka 13.39 gjekk følgjande melding ut frå Oslo Børs:

«Due to technical disturbances, all Oslo Børs' markets are closed. Further information will follow».

Kommunikasjons-krøll

Kommunikasjonsdirektøren på Oslo Børs, Per Eikrem, seier til E24 at det er tekniske problem som er årsaka til handelsstoppen.

– Det er ikkje noko feil med sjølve handelssystemet, men det er mange system som skal snakka saman og det ser ut som at den feilen me såg for ein time sidan har gjeve følgjefeil i andre system, seier Eikrem.

Normal stengjetid for Oslo Børs er kl.17.30.

Det er umogleg å seia om handelen kjem gang att i løpet av fredagen, opplyser kommunikasjonsavdelinga ved Oslo Børs til DN.no

Stor pågang på nettsidene

Hovudindeksen stod lenge fast på ein nedgang på 2.68 prosent til 336.92 poeng, men er no oppdatert.

Det er for øyeblikket svært vanskeleg å koma inn på nettsidene til Oslo Børs. Dei som greier å lasta opp sida, blir møtt av følgjande melding:

«Oslo Børs opplever tekniske problemer med produksjon av indekser. Handel på alle Oslo Børs' markedsplasser for aksjer og obligasjoner er derfor stanset inntil videre».