Hopp til innhold

Oljeprisen over 100 dollar

For første gong sidan oktober 2008 har prisen på nordsjøolje passert 100 dollar fatet.

Oljeprisen går opp i frykt for at Suezkanalen skal stenge

Oljeprisen går opp i frykt for at Suezkanalen skal stenge og at uroa i Egypt og Tunisia skal spreie seg til Midtausten.

Foto: Nasser Nasser / AP

Oljeprisen var under 40 dollar fatet så seint som i februar 2009. Toppen i juni 2008 var på over 146 dollar fatet .

Analytikarar trur at oljeprisen går opp fordi meklarane fryktar at uroa i Egypt skal forstyrre levering av olje gjennom Suezkanalen, melder nyheitsbyrået AFP.

Thina Saltvedt, råvareanalytiker i Nordea

Råvareanalytikar i Nordea, Thina Saltvedt.

Foto: Johan B. Sættem
Abdalla Salem El Badri

OPEC-generalsekretær Abdalla Salem El-Badri.

Foto: Patricio Realpe / Ap

– Ein stor del av oljen går frå Midtausten til Europa, eller den andre vegen. Om oljen ikkje kan bli frakta gjennom Suezkanalen, må han bli frakta rundt heile Afrika, og det vil forlenge leveringa med 20 dagar. Det blir dyrare, seier oljeanalytikar i Nordea, Thina Saltvedt til NRK.

OPEC vil gripe inn

Det er meldt generalstreik i Egypt, og demonstrantane seier dei ikkje vil gi seg før president Hosni Mubarak går av.

OPEC-generalsekretær Abdalla Salem El-Badri har åtvara om at det kan bli oljemangel om oljen ikkje får passere gjennom Suezkanalen.

– Om det skjer, er vi nøydde å gripe inn, seier han på ein oljekonferanse i London.

Han la til at han meiner det framleis er store reservar av olje tilgjengeleg, og at etterspurnaden er lågare enn på same tid i fjor på denne tida.

El-Badri trur ikkje det vil bli naudsynt med eit ekstramøte om naudproduksjon før det neste møtet i Wien i juni.

Uroa kan spreie seg

OPEC kontrollerar 40 prosent av oljeproduksjonen i verda. Frykta er no at uroa i Egypt skal spreie seg til oljeproduserande land i regionen.

Saltvedt fortel at ein er redde for at uroen i Egypt skal spreie seg til for eksempel Algerie og Libya, som kvar produserer 2 prosent av oljen i verda.

– Men spesielt er ein redde for om denne uroa skal spreie seg til Midtausten og for eksempel Saudi-Arabia, som produserer 12 prosent av oljen i verda, seier Saltedt.

Sjekk utviklinga i oljeprisen dei siste åra HER.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.