Hopp til innhold

Oljekompisane

Venezuela har inngått ei avtale om å selje bensin til Iran. Samarbeidet mellom dei to landa sine anti- amerikanske leiarar verkar å blomstre.

Hugo Chavez og Mahmoud Ahmadinejad

Venezuelas president Hugo Chávez kjem godt overeins med Irans president Mahmoud Ahmadinejad.

Foto: BEHROUZ MEHRI / AFP

Den venezuelanske presidenten Hugo Chávez har vore på eit to dagar langt besøk hos sin iranske kollega Mahmoud Ahmadinejad.

Iran innførde bensinrasjonering sist tysdag. Iranerane får no berre 100 liter bensin til subsidiert pris. Bensin ut over det må kjøpast til ein høgare pris.

I mai vart bensinprisen i Iran sett opp med 25 prosent.

Verdas fjerde største oljeprodusent

Iran kjem på fjerdeplass over verdas største oljeprodusentar, etter Saudi- Arabia, Russland og USA.

Likevel må dei importere bensin, noko som kostar dei rundt 60 milliardar kroner i året. 

- Iranarane spurde om dei kunne få kjøpe bensin frå oss, og vi sa ja, sa den venezuelanske oljeministeren Rafaél Ramírez, utan at han gjekk inn på detaljar for avtala.

Iran importerer over halvparten av bensinen det brukar fordi bensinprisen vert halden kunstig låg. Det gjer at dei nasjonale raffineria ikkje tener på å produsere bensin, og då investerer dei lite i vedlikehald.

Heilskapsakse

USAs president George W. Bush har tidlegare omtala Iran som ein del av "ondskapens akse". No har Iran og Venezuela blitt samde om eit felles petrokjemisk anlegg.

 Les også: Ondskapens akse -del 2?

Utanfor anlegget ved Assalouyeh i Iran, sto det skilt som omtala anlegget som "heilskapens akse".

Anlegget vil koste rundt 700 millionar dollar og vil ta fire år å fullføre.

Det er også planlagt eit anlegg i Venezuela.

Industriområdet Asaluyeh, Iran.

Industriområdet Asaluyeh i Iran.

Foto: ATTA KENARE / AFP

Iran-ven

På to år har Chávez besøkt Iran tre gonger.

Han meiner landet må få anrike uran. Iran seier dei gjer dette med tanke på fredfull energiproduksjon, mens EU og USA anklagar Iran for å gjere dette for å kunne lage atomvåpen.

Iran kan stå ovanfor tøffe sanksjonar frå FN om dei ikkje stoppar urananrikinga.

Vil byggje ting saman

Chavez uttalte under Iranbesøket at han ønskjer å samle Den persiske golfen og Karibia.

Trass kulturelle skilnader, har den iranske og den venezulanske presidenten utvikla eit nær samarbeid. Begge er sterkt i mot det dei kallar "USAs imperalisme".

Både Iran og Venezuela er medlem av OPEC.

Les også: All olje i Venezuela nasjonalisert  

Hugo Chavez og Mahmoud Ahmadinejad

Hugo Chavez og Mahmoud Ahmadinejad

Foto: HO / AFP