NRK Meny
Normal

Oljefondet vil kjøpa skog og veg

Gjeldskrisa tvingar Oljefondet ut av Europa og inn i andre realaktiva enn aksjar. Finansdepartementet vil risiko­vurdera ei vidareutvikling av fondet.

Yngve Slyngstad

Sjef i Statens Pensjonsfond Utland (oljefondet), Yngve Slyngstad.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Fondet har hatt ei årleg realavkastning på låge 0,29 prosent dei siste fem åra, skriv Dagens Næringsliv. 

Oljefondet vil no inn i unoterte investeringar som skog, veg, jordbruks­areal og råvarer for å vidareutvikla fondet og auke avkastninga.

Oljefondssjef Yngve Slyngstad vil også setje pengar i USA og Asia.