NRK Meny
Normal

Oljeeventyret slutt utan Lofoten

Oljealderen kan få ei brå avslutning i Noreg dersom ikkje Lofoten vert opna for olje- og gassleiting, seier Statoil-sjef Helge Lund.

Helge Lund
Foto: PHILIPPE DESMAZES / AFP

Prognosane til Oljedirektoratet viser at produksjonen ved dei store oljefelta i Noreg vil falle raskt etter 2020.

- Me må ha nytt areal for å oppretthalde verdiskapinga på norsk sokkel, seier Lund, som ser på Lofoten som eit avgjerande satsingsområde.

Av olje- og gassressursane på norsk sokkel er cirka 40 prosent henta opp. Motstanden mot Lofoten-boring er sterk.