Dette tilsvarar ein nedgang på i underkant av 160.000 passasjerar.
Eit lyspunkt for selskapet er at dei flyg med fullare fly. Den såkalla kabinfaktoren, som er talet på selde flyseter i forhold til det totale setetalet, steig med 0,4 prosentpoeng til 74,5 prosent.
SAS-gruppa
SAS opplevde ein nedgang i talet på passasjerar i juli i forhold til same månad i fjor.
Kabinfaktoren for heile SAS-gruppa, der også Braathens og Widerøe er med, gjekk ned med 1,1 prosentpoeng til 70,6 prosentpoeng.
Braathens opplevde ein nedgang i talet på passasjerar på 1,5 prosent i juli i år, medan Widerøe auka sitt passasjertal med 21,2prosent. Den kraftige auken for Widerøe blir forklart med at selskapet starta opp fleire nye ruter i oktober i fjor.
Direktør for investorkontakt i SAS-konsernet, Sture Stølen, meiner SAS no er på rett veg. Han ser ein klar forbetring av trafikktala samanlikna med det han kallar den ekstremt svake situasjonen tidleg i 2003. Han nemner krigen i Irak og SARS-epedimien som årsak til dei svake tale i byrjinga av året.
I mai la SAS fram det verste kvartalsresultatet i selskapet si historie, med eit underskot på 1,88 milliardar kroner. SAS legg fram resultatet for andre kvartal førstkomande måndag.
Kabinfaktor
SAS er mindre nøgd med trafikkutviklinga i Braathens. Talet på passasjerar har gått ned med 1,5 prosent, men verre er det at kabinfaktoren har gått med 7,1 prosentpoeng til 63 prosent. Verst er det på innanriksflya, der kabinfaktoren er 12,7 prosent lågare enn i same periode i fjor.
Stølen er meir nøgd med utviklinga til Widerøe, som opplevde ein auke i passasjertalet på 21,2 prosent. Den gode trafikkutviklinga skuldast særleg at selskapet har ekspandert på dei internasjonale rutene.