Forbetringsprogrammet deir gjev effektar, men det hjelper ikkje når kostnadane aukar.
I høve til fjorårets nedslåande resultat for same periode, 213 millionar kroner i minus, er ikkje årets resultat for Norske Skogs andre kvartal så ille.
Det er på linje med resultatet i første kvartal, men kostnadane aukar og krona er styrka.
- Vi oppnår dei forventa effektene av forbetringsprogrammet vårt, men kostnadsaukene er høgre enn ein rekna med på førehand. Eg er ikkje tilfreds med resultatet. Lønsemda i Norske Skog må bli betre og ytterlegare strukturelle tiltak vil bli vurdert, seier konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen.
Dei samla driftsinntektene, 6,794 millionar kroner, er på same nivå som for andre kvartal 2006.
Driftsresultatet er på 236 millionar kroner, ein klar framgang sidan resultatet på minuns 14 millionar kroner frå andre kvartal i fjor.