Hopp til innhold

Norsk oljesatsing i Midtausten

I morgon dreg olje- og energiminister Odd Roger Enoksen til Midtausten for å hjelpa Statoil og Hydro til å sikra seg innpass i det området i verda med størst reservar av olje og gass.

Oljesatsing i Midtausten
Foto: SAFIN HAMED / AFP

Alle dei største oljeselskapa i verda jaktar på dei store reservane av olje og gass i Midtausten.

Her finn vi heile 60 prosent av alle oljereservane i verda og 40 prosent av gassreservane, men til nå har ikkje denne jakta vore vellukka for noko selskap.

I dag så ser vi ei aukande ressursnasjonalisme i alle land som sit med oljereservar. Men mest tydeleg finn vi slik ressursnasjonalisme i landa i Midt-Austen. Å sikra seg ein del av oljereservane i dette området, har vore umuleg. Litt lettare har det vore å få bli med på utvikling av gassressursane. Men også det er vanskeleg.

Men når ressursane er så enorme, så ser vi likevel at dei internasjonale oljeselskapa svermar rundt Midt-Austen som bier rundt ei honningkrukke.

Statoil og Hydro

Begge dei norske selskapa er tilstades i Iran, der dei har ansvaret for store utbyggingar. Men sidan dei ikkje får eigardeler i olje og gassprosjekta, blir dei meir å rekna for serviceselskap. Som betaling får dei kjøpa deler av produksjonen. Men dette er ikkje interessant i framtida. Utan nye kontraktformer er det mest truleg av både Statoil og Hydro trekkjer seg ut av Iran når jobben er gjort.

I dei andre landa i Midtausten har Statoil folk "på bakken" for å overvaka situasjonen. I Saudi-Arabia håpar Statoil å få bli med på eit gassprosjekt. Det same håpar dei på i Qatar (eit LNG-prosjekt - nedkjølt flytande gass).

Og det er nett til Saudi-Arabia og Qatar vår olje og energiminister dreg.

Irak

Så langt er ingen internasjonale oljeselskap tilstades i Irak. Sikkerheten er på ingen måte god nok til at noko selskap vil senda sine folk inn der. Det einaste unnataket er DNO - Det Norske Oljeselskap - som har ein leitebrønn i det kurdiske Nordirak.

Det viktigaste for Irak er å få nytt liv i dei gamle oljefelta. Der gjer Statoil ein innsats gjennom NORAD. Gjennom NORAD får Statoil tilgang på oljedata som skal førebu utvikling og start av nye oljefelt i Irak.

Elles er det framleis stor usemje kven som skal bestemma over oljerikdommen i landet, provinsane eller sentralmakta i Bagdad. Drøftingar går nå føre seg, og det er venta ratifisering av ny petroleumslov i mars.

Noreg og OPEC

Noreg er som kjent ikkje medlem av OPEC, organisasjonan av oljeeksporterande land. Men det er viktig for Noreg å ha ein god lyttepost inn i OPEC, samstundes som det er viktig for OPEC å ha ein god samarbeidspartnar utanfor OPEC-kartellet.

Ut frå dette har det utvikla seg eit nært samarbeid mellom Noreg og Saudi-Arabia. Utveksling av informasjon om oljemarknaden og fornying av eit tett samarbeid mellom dei to landa står sentralt når vår oljeminister møter den mektige oljeministeren Ali al-Naimi i Saudi-Arabia.