Store mengder norsk laks er eksportert til Estland sidan nyttår, men estarane seier den ikkje er importert dit. Laksen kan vise seg å vere eksportert til Russland.
Ikkje meir i Estland
I januar månad vart det eksportert 473 tonn norsk laks til Estland. Dette er 308 tonn meir enn i same perioden i fjor, viser tal frå Eksportutvalet for fisk. Tala viser altså ei tredobling når ein samanliknar januartala.
- Nei dette stemmer ikkje, vi har ikkje importert så mykje fisk. Talet er 178,3 tonn laks i januar i år, sier Maarja Purik ved marknadskontoret til det estiske fiskeridepartementet.
Ho opplyser til NRK at det ikkje er importert noko særleg meir enn kva talet var i fjor.
– Vi har importert litt meir enn i fjor, seier Purik.
Eksportutvalet sine tal viser og at i januar i fjor eksporterte Noreg 165 tonn.
Fisken i Russland?
NRK Her& Nå har i lengre tid vore i kontakt med ei rekkje aktørar i fiskeribransjen i Estland. Både importørar, vidareforedlarar og styresmakter seier alle det same. Det er ikkje meir laks i Estland no enn tidlegare.
- Du hadde sett det over alt. Billig laks i butikken, sal her, sal der. Det er berre å ta turen hit så ser ein det sjølv. Den er ikkje her. Eg er sikker på at laksen går til Russland, fortel ei estisk kjelde som vil vere anonym.
Kjelda kan fortelje meir om kor laksen har tatt vegen.
- Her i Estland skal ein ikkje vere for opptatt av kva naboen gjer. Mitt firma har ikkje noko meir laks, men dette har dei fleste kjend til sidan nyåret. Laksen går til Russland, det er ingen tvil om det.
- Internasjonal skandale
Ingen våger å dokumentere påstandane om at norske eksportørar bryt det russiske importforbodet. Fleire kjelder NRK har vore i kontakt med, seier dei ikkje vågar å stå fram å vise kva som skjer, av frykt for represaliar.
- Det vil bli ei internasjonal skandale, om dette vert kjend, seier ei av kjeldene til NRK.
Dei ulike aktørane hevder likevel det same. Laksen går til Russland, Estland vert berre brukt som eit transittland.
Sidan januar i år er fleire hundre tonn norsk laks eksportert ut av Noreg til Estland, utan at nokon kan gjeve eit dokumentert svar på kor den er hamna.