Hopp til innhold

Noregs Bank endrar ikkje renta

Noregs Bank endrar ikkje rentenivået, og styringsrenta blir framleis på 1,25 prosent.

 Visesentralbanksjef Jan F. Qvigstad i Norges Bank

Visesentralbanksjef Jan F. Qvigstad i Noregs Bank

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

- Prisveksten er no i underkant av målet på 2,5 prosent. Krona har styrkt seg. Saman med låge importprisar vil det bidra til å halde prisveksten under målet det nærmaste året, seier visesentralbanksjef Jan F. Qvigstad.

Han seier at det framleis er ein risiko for at veksten i verdsøkonomien kan bli låg i ein lengre periode.

Sjå pressekonferansen i nett-tv frå kl. 14:45

Noregs Bank

- Styringsrenta i mange land er nær null, og marknadsrentene ute har falle. Derfor er det no rett å halde styringsrenta uendra, seier Qvigstad.

Visesentralbanksjefen framheld at norsk økonomi har klart seg godt gjennom finanskrisa. Høg aktivitet i oljeindustrien har saman med tiltaka i penge- og finanspolitikken vore med på å halde etterspurnaden etter varer og tenester oppe.

- Sysselsetjinga er stabil, og arbeidsløysa ser ut til å bli vesentleg lågare enn venta, trass i nedgang i industrien og i bygg og anlegg. Alternativet i dag var å auke renta ved dette møtet, seier Qvigstad.

Les heile grunngjevinga til Noregs Bank