Hopp til innhold

Noreg tener 100.000 kroner kvart minutt på Egypt-uroen

Når oljeprisen kryp oppover på grunn av uroa i Egypt, gir det Noreg 100.000 kroner ekstra i statskassa kvart minutt.

Handel ved New York Stock Exchange

Handelsmenn ved New York Stock Exchange følgjer nøye med på det som skjer i Egypt, og kva det vil få for følgjer for oljeprisen.

Foto: SPENCER PLATT / Afp

Demonstrasjonane i Egypt har ført til oljeprisar på over 100 dollar fatet . Noreg tener dermed godt over 100.000 kroner ekstra i minuttet.

Frykt gjer Noreg rikare, seier professor i statsvitskap, Dag Harald Claes.

– Når aktørane i oljemarknaden ser denne usikkerheita, og oljeprisen kryp oppover, så er det pengar i kassa for Noreg, seier han til NRK.

200 dollar fatet

Noreg tener nesten 200 millonar kroner meir kvar einaste dag på grunn av dei høge oljeprisane, målt mot det staten har rekna med i statsbudsjettet.

– Dette er gode ekstrainntekter for Noreg, som ein ikkje hadde rekna med, seier oljeanalytikar Øyvind Munthe-Kaas i Wilhelmsen.

Steinar Juel

Sjeføkonom i Nordea, Steinar Juel, trur på oljepris på kanskje 200 dollar fatet, men åtvarar om at verdsøkonomien ikkje vil tole det.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Sjeføkonom Steinar Juel i Nordea er ikkje i tvil om at Noreg vil tene enda meir om uroen spreier seg til dei store oljeeksporterande landa i Midtausten.

– Skulle vi få ein situasjon der oljetilgangen vart veldig mykje dårlegare, vil vi raskt sjå oljeprisar på 150, kanskje 200 dollar fatet, seier han.

  • Sjekk oljeprisen HER.

Dyrare frakt

Også norske reiarlag kan tene på Egypt-uroa om Suez-kanalen stengjer. I dag fungerer kanalen som ei hovudfartsåre for verdshandelen.

– For shipping-marknaden isolert sett, er dette positivt, seier konsernsjef Herman Billung i Golden Ocean.

Kaas trur nokre reiarlag faktisk ville ha sett pris på om kanalen vart stengd, slik at dei kunne ha auka fraktprisen.

– Det er nok kanskje nokre som gjerne ser at det skal skje i ein kort periode, slik at fraktprisen får ein oppsving.

Fraktskip på veg gjennom Suezkanalen

Noreg kan tene pengar om Suezkanalen stengjer for gjennomfart.

Foto: Emilio Morenatti / Ap

Kan gi tap på lang sikt

Men, sjølv om Noreg tener på Egypt-uroa, åtvarar Juel om at verdsøkonomien ikkje vil tåle ein høg oljepris alt for lenge.

– Det passar veldig dårleg. No har det vore mange gode teikn dei siste vekene på at veksten tek seg opp. Vi treng ikkje ein situasjon no, der dette blir kvelt av ein kraftig prisauke på olje. Verdsøkonomien vil stoppe heilt opp, seier Juel.

Dag Harald Claes, professor ved UIO

Dag Harald Claes, professor ved UIO.

Foto: Therese Thomassen/Civita.

Og professor Claes peikar på at ein uroleg oljepris på lang sikt kan gi tapte oljeinntekter for Noreg.

Han meiner satsinga på alternative energikjelder vil bli sterkare om ikkje oljeprisen held seg stabilt låg.

– Det blir mykje meir attraktivt å finne alternativ til olje når oljeprisen er veldig høg. Om oljen skal halde på sin posisjon i energimarknaden, bør ikkje prisen vere for høg, seier han.