– Avhengige av stabil eurosone

Noreg tilbyr å hjelpe Irland saman med Storbritannia, Sverige og Danmark.

Finansminister Sigbjørn Johnsen

Finansminister Sigbjørn Johnsen etter møtet i Gamle Logen i Oslo.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Irland har takka ja til ein redningspakke på til saman 85 milliardar euro, eller rundt 690 milliardar kroner, frå Det internasjonale pengefondet.

Noreg bidreg allereie med hjelp til Irland gjennom denne pakken, og eventuelle nye lån vil kome i tillegg til dette.

– Om det kjem ein førespurnad frå den irske regjeringa, kjem vi heilt klart til å vurdere den nøye, seier finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) etter eit møte med finansministrane frå Danmark, Finland og Island.

Avhengige av eurosona

Johnsen seier det som skjer i Irland viser at Noreg er avhengig av eit stabilt bankvesen i Europa.

– Noreg er svært avhengige av ei stabil utvikling i eurosona, seier han og viser til at 70 prosent av eksporten frå Noreg går til EU-landa.

Kor mykje det kan vere aktuelt for Noreg å bidra med, ville han ikkje seie. Han kom heller ikkje inn på vilkåra for ein mogleg låneavtale.

Finansministermøte i Oslo

Finansministermøte i Oslo. Frå venstre: Sigbjørn Johnsen, Claus Hjort Fredriksen (Danmark) og Steingrimur J. Sigfusson (Island).

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Eurosamarbeid i fare

Irland er det andre euro-landet som må få hjelp til å kome ut av finanskrisa med sotre støttetiltak. I mai fekk Hellas hjelp til ein verdi av 110 milliardar euro (890 milliardar kroner).

Spøsmålet no er om også Spania vil trenge økonomisk hjelp, og om heile euro-samarbeideidet kan vere på veg til å ryke.

Johnsen meiner det som skjer med Irland, viser at det må mykje til for å få stabilitet i eurosona, og at det er viktig å få det til.

– Det gjeld både for eurosona og for Noreg, seier han.

Optimistisk Norden

Dei nordiske finansministrane møttest i Oslo i dag. Tonen var optimistisk, og statsrådane meiner landa har kome heldig ut av finanskrisa.

– Vi har kome oss ut av kirsa med vekst i økonomien, slo den danske finansministeren Claus Hjort-Fredriksen fast.

Dei meiner derimot at finanskrisa i Europa viser kor avhengige alle land er av kvarandre og at alle land må føre ein ansvarleg økonomisk politikk som marknadane kan ha tillit til.