Mobbing i UD

Tilsette i Utanriksdepartementet blir skjelt ut og latterleggjorde på jobben. Det kjem fram i ein rapport om arbeidsmiljøet i departementet.

Utenriksdepartementet

Tilsette i Utanriksdepartementet kjenner seg neglisjerte på jobben.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Kilde: Aftenposten/ Dagens Næringsliv/ NRK

I fjor blei det kjent at ni prosent av dei tilsette følte seg mobba. Dette er nær dobbelt så høgt som landsgjennomsnittet.

- Vi skal ha nulltoleranse mot mobbing, seier ekspedisjonssjef i UD, Anne Lund.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) varsla nulltoleranse for mobbing i fjor.

Raseriutbrot og usynleggjering

Tonen mellom diplomatane kan ofte vere røff, og mobbeoffera har blitt utsette for utskjelling, usynleggjering og spontane raseriutbrot.

Tilsette har også opplevd å bli forbigått når det gjeld å få stillingar, og informasjon blir halden tilbake.

"Jævelskap"

Dei tilsette har gitt eksempel på at kollegaer fjernar nyttig informasjon frå andre sin innkommande post for å sabotere arbeidet deira.

Dei kallar denne adferden "bevisst jævelskap".

Eit leiingsfenomen

Som forklaring på mobbinga nemner halvparten av dei intervjua ein kultur prega av konkurranse og karrierejag. 

Anne Lund seier mobbinga kan forekomme på alle nivå, men at det særleg er eit leiingsfenomen.

- Ein mobbar har ofte makt, og ein leiar har jo makt over sine tilsette, seier Lund. 

Hemmeleg arkiv

UD hadde i fleire tiår eit hemmeleg arkiv over eigne tilsette.

I følgje Dagens Næringsliv hadde nokre få toppembedsmenn adgang til dei følsomme opplysningane.

Arkivet skal ha blitt avvikla i fjor.

- Det er eit system som ikkje høyrer heime i vår moderne verd, seier Lund om arkiva.

Bakgrunn frå den kalde krigen

Sven E. Svedman er utanriksråd og har vore tilsett i UD sidan 1973. Han fortel til Dagens Næringsliv at han har ant, men ikkje visst om arkivet før det vart avvikla.

Han antar at utspringet til arkivet er den kalde krigen på 1950- talet.

- Det viktigaste er at arkivet no er avvikla, meiner Svendman.

Rapporten

Opplysningane i rapporten baserer seg på ei spørjeundersøking, tre fokusgrupper og femten djupneintervju.

Den er ei oppfølging av fjorårets arbeidsmiljøundersøking, som viste at vel åtte prosent av dei tilsette i UD følte seg mobba.