Hopp til innhold

Meir olje funne på Gullfaks

Statoil har saman med partner Petoro påvist meir olje i Shetland-gruppa/Lista-formasjonen i Gullfaks-lisensen.

Soloppgang med Gullfaks C i horisonten

Konserndirektøren for Utvikling og produksjon Noreg i Statoil kallar det nye oljefunnet 'lovande'.

Foto: Ottar Senneset

Ifølgje Statoils pressetalsmann for norsk sokkel, Ola Anders Skauby, er det primært olje som er funne.

Det er framleis uvisse knytt til kor mykje det kan vere, men førebels reknar ein med mellom 40 og 150 millionar fat oljeekvivalentar, altså eit stort sprik.

– Lovande

– Funnet gir nye volum som raskt kan gi produksjon av høg verdi og gir nye lovande perspektiv for feltet og installasjonane, seier Øystein Michelsen, konserndirektør for Utvikling og produksjon Noreg.

Gullfaks ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen og vart sett i produksjon 22. desember 1986.

Statoil (operatør) og Petoro har rettane på feltet, fordelt med 70 prosent til Statoil og 30 prosent til Petoro.