Hopp til innhold

Mazda kallar attende 72.000 bilar

Japanske Mazda kallar attende 72.000 bilar etter at det er oppdaga feil på ei drivstoffpumpe. Feilen gjer at bilane kan få motorstopp.

Mazda trekkjer bilar tilbake frå marknaden

Mazda trekkjer tilbake 72.000 biler på grunn av ein produksjonsfeil. Ikkje godt nytt for Mazda-sjef Takashi Yamanouchi, her under ein pressekonferanse tidlegare denne månaden.

Foto: KYODO / Reuters

Feilen er oppdaga på modellane Mazda 5, som vert kalla Premacy på den asiatiske marknaden, og Biante.

Dette gjeld bilar som blei produserte mellom juni i fjor og april i år, opplyser ein talsmann for selskapet.

44.000 bilar i Nord-Amerika, Europa og Kina, og 28.000 bilar i Japan vert no trekte tilbake.