Arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten oppmodar partane til å ta opp att arbeidet så snart som råd. (Foto: Morten Holm / Scanpix)
Heismontørane har streika i over fem månader for å hindre at utanlandske arbeidarar får lågare løn enn nordmenn.
Arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten oppmodar partane til å ta opp att arbeidet så snart som mogeleg.
– Utslagsgjevande for regjeringa er at Statens bygningstekniske etat rapporterer om ein uavklart og alvorleg tryggingssituasjon, som kan gje alvorlege konsekvensar, seier Høybråten.
Ingen ulukker
Det er ikkje rapportert om ulukker, men det er fare for at noko kan skje når så mange heisanlegg har vore utan kompetent tilsyn og vedlikehald så lenge, meiner han.
Departementet skriv i ei pressemelding at Byggteknisk etat også fryktar at dei heistenestene som har vore utførte, anten etter dispensasjon eller av Heistjenesten AS, ikkje har strekt seg lenger enn til det aller mest nødvendige for å setje heisen i drift.
Andre reparasjonar og nødvendig ettersyn blir ikkje gjort, og konflikten kan då på sikt gje eit varig svekka tryggingsnivå, heiter det.
Vanskeleg
Helsedirektøren har ikkje rapportert om fare for liv og helse på grunn av heisar som står, men konflikten har utan tvil ført til stort ubehag og ein vanskeleg kvardag for alle som er avhengige av heis, særleg rørslehemma, eldre og småbarnsfamiliar, skriv departementet.
I tillegg har konflikten ei rekkje andre konsekvensar, mellom anna store arbeidsmiljøbelastningar for arbeidstakarar som er avhengige av heis i arbeidet, heiter det.
Etter ei samla vurdering av konsekvensane, samanhalde med kor lenge streiken har pågått og det fastlåste forholdet mellom partane, har regjeringa derfor avgjort å gripe inn og fremje forslag for Stortinget om at konflikten skal løysast med tvungen lønnsnemnd.
Lockout
Det var 24. august i fjor at 90 heismontørar gjekk ut i streik. Hovudkravet var ei tariffesting av at norske løns- og arbeidsvilkår også skal gjelde for utlendingar i heisbransjen i Noreg.
I september og november svarte arbeidsgjevarsida med lockout av 355 heismontørar.
Ytterligare tolv montørar gjekk i streik, og til saman var dermed 464 av omtrent 625 norske heismontørar i konflikt.
Lovleg konflikt
Avdelingsleiar i El- og IT-forbundet Jan Olav Andersen seier at regjeringa med tvungen lønsnemnd bryt inn i ein lovleg arbeidskonflikt.
- Eg ser det som eit politisk inngrep meir enn eit inngrep i tråd med dei retningslinjene som finst, seier han.
Andersen viser til at det ikkje er nemnt grunnar for lønsnemnd-forslaget som er knytte til liv å helse.
- Vi kan ikkje sjå at ein her har gjort anna enn å konstruere eit relativt tynt fagleg grunnlag for å gripe inn i ein heilt lovleg arbeidskonflikt, seier han.