Likevel Telenor-avtale med Grameen

Det finst likevel ein intensjonsavtale mellom Telenor og teleselskapet Grameen Phone i Bangladesh.

Muhammad Yunus, vinner av Nobels fredspris 2006
Foto: DAVID BOILY / AFP

Kilde: NRK-Dagbladet-NTB

Både Telenor-sjef Jon Fredrik Baksaas og forgjengangaren hans Tormod Hermansen har tidlegare nekta for at det eksisterer ein avtale om at Telenor skulle selje aksjane sine til Grameen.

Dagbladet har fått tilgang på avtalen frå 1996, og der står det at det er intensjonen til Telenor Invest å redusere sin eigardel i selskapet til under 35 prosent innan seks år.

Telefonsentralar

Gjennom Grameen Phone har 250.000 kvinner i Bangladesh fått subsidierte mobiltelefonar som fungerer som telefonsentralar på landsbygda.

 Ferske utrekningar viser at selskapet no er verd 23 milliardar kroner.

Jon Fredrik Baksaas
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Fredsprisvinnar Mohammed Yunus seier at det var ein avtale at dei fattige i Bangladesh skulle bli dei nye eigarane når Telenor hadde klart å få selskapet på beina. Men dette avviste Telenor-sjef Jon Fredrik Baksaas under eit intervju med Dagsrevyen torsdag kveld.

Men Dagbladet har funne avtalen frå 1996 i Norad sine arkiv, og der heiter det:

 "Det er Telenor Invest sin intensjon å redusere sin andel i selskapet til under 35 prosent innan seks år etter selskapsdanneslen".

Ikkje bindande

Muhammad Yunus vedgjekk i eit intervju i fjor at avtalen ikkje er juridisk bindande.

Det låg i korta at Telenor skulle selje seg ut etter seks år, seier Yunus, som landa i Noreg seint i går kveld.

 I morgon blir han tildelt fredsprisen i Oslo Rådhus.

Informasjonssjef Esben Tuman i Telenor seier at den omtalte avtalen ikkje er forpliktande, og at han heller ikkje er  hemmeleg. Han seier også at Telenor aldri har nekta for at ein slik intensjonsavtale har eksistert.

- Telenor gjorde det alt for fleire år sidan klart at vi ikkje hadde ein slik intensjon, men snarare ynskte å satse vidare på Grameen Phone, seier Tuman.

Ideologisk forskjell

Muhammad Yunus sa til magasinet Fortune tidlegare denne veka at det var eit spent forhold mellom Garmeen og Telenor.

- Det er ein ideologisk forskjell. Dei er opptekne av maksimal profitt, medan vi er opptekne av sosiale målsetjingar, sa Yunus til magasinet.

Garmenn Phone vart starta opp av Grameen Bank, Telenor og to mindre eigarar. Telenor og Grameen Bank hadde over 85 prosent av aksjane.

Grameen Phone søkte og fekk eit lån på 50 millionar kroner frå Norad gjennom Telenor. Det var slik Norad fekk ein kopi av aksjonæravtalen mellom Telenor og Grameen Bank.

Samfunnsansvar

Jan Borgen i Transparancy International, ein organisasjon som arbeider for avsløre korrupsjon og kvitvasking av pengar, er heilt klar på at Telenor i denne saka må vise samfunnsansvar. Han meiner at Grameen-gruppa i Bangladesh overta ein større del av teleselskapet Grameen Phone.

Han meiner at denne saka er svært uheldig for Telenor.