Hopp til innhold

Slik finn du gull i skattelistene

Vil du ha meir ut av skattelistene enn berre ei rad med namn og tal, finn du gode tips her til kreative søk og spanande topplister.

Skatteliste-tjenesten med kjønnsfordeling
Foto: Grafikk: nrk.no

Søk i skattelistene for 2008 her

I 2008-utgåva av NRKs skattelistesøk kan du søkje etter privatpersonar som skatter til Norge.

Enkelt søk i skattelista

I NRKs skattelistesøk kan du søkje kjapt på fullt namn.

Då får du vite kva skatteytaren har i nettoinntekt, nettoformue (formue minus gjeld) og utlikna skatt. Inne i resultat-tenesta, finn du i tillegg topplister for bustad, postnummer, fylke og årskull.

I tillegg finn du samamlikning mellom kjønna. Det siste er nytt i år, og viser store skilnader.

Avansert søk

I det avanserte søkjet kan du dele dette opp i førenamn og evt. mellomnamn, etternamn, fylke og skattekommune å finne akkurat den du søkjer.

Mellomnamn blir rekna som førenamn. Om du leitar etter ein person som heiter «Ola Skatt Nordmann», skriv du «Ola Skatt» i feltet for førenamn, og «Nordmann» i feltet for etternamn. Pass på at du stavar førenamnet og etternamnet rett.

Hugs at mange kan heite det same i kvar kommune. Difor finn du lettare den du søkjer, dersom du fyller inn fylket elelr skattekommunen.

Jo meir presise søk du lagar, desto lettare er det å finne den eller dei du søkjer etter.

I det avanserte søkjet kan du søkje på fleire måtar. Det er lurt å spesifisere søkjet om du vil ha relevante treff frå skattelista.

Rike og fattige kommuner

Sjå topplistene for dei rikaste og fattigaste kommunene i landet. Gult tyder tyder lav gjennomsnittleg inntekt og raudt høg gjennomsnittsinntekt.

Vi har allereie gjort ei rad søk for deg. Inne på resultatsidene finn du til dømes kvar folk har den høgste gjennomsnittlege inntekta og formuen. Tilsvarande lister finst og på postnummer og for årskull.

Vi har og tatt rede på hvilke etternamn som har den høgste formuen.

Det som ikkje er med

Skattelistene inneheld ikkje opplysningar om personar utan fast bustad eller på skjult adresse.

Dei gir heller ikkje opplysningar som kan røpe eit klientforhold, til dømes om personar som bur på sjukehus eller er fengsla. Avlidne personar er òg tatt ut av søkjet.

2006 og 2007

Du kan òg søkje i skattelistene for 2006 og 2007 for å samalikne. Men fordi Skatteetaten ikkje gir ut fødselsnummer, kan vi ikkje vere sikre på at to personar med same navn og fødeår verkeleg er det same individet. Vi har difor ikkje kobla tala saman.