Hopp til innhold

Kypros vedtek kriselovar

Den kypriotiske nasjonalforsamlinga har vedteke to lovar som første steg i å redda landet ut av bankkrisa.

Kypriotisk bank

Kypriotiske bankar held stenkt i frykt for at innbyggjarane skal storma bankane for å ta ut pengane sine. Dei folkevalde på Kypros har fredag oppnådd semje om to lovar som skal blidgjera EU og IMF. Målet er å innfri krava for ein økonomisk hjelpepakke.

Foto: YORGOS KARAHALIS / Reuters

Dei to ferske lovane inneber opprettinga av eit såkalla solidaritetsfond - ei statleg krisefond og fullmakter til regjeringa til å underleggja bankane kapitalkontroll.

Det skjer etter fleire dagar med krisestemning, som følgje av at nasjonalforsamlinga i landet stemte ned eit lovforslag om å skatteleggja bankkontoar med inntil 9,9 prosent av innestande summar.

Jobbar for milliardpakke frå EU

Det kontroversielle lovforslaget om å innføra skatt på alle bankinnskot var ein føresetnad for at Kypros skulle få ein internasjonal økonomisk hjelpepakke på ti millionar euro eller vel 75 milliardar norske kroner frå EU og Det internasjonale pengefondet (IMF).

Pakken skulle motverka økonomisk kollaps og bankkrise på Kypros. Etter at nasjonalforsamlinga sa nei til å skatteleggja alle bankkontoar, har politikarane jobba for fullt for å finna alternative løysingar som EU og IMF kan godta.

Det er venta at ei tredje lov om å innføra ei eingongsavgift på bankinnskot på 100.000 euro eller meir må til for at Kypros greier å skaffa sin del av krisepakken.

Kypriotiske bankar har halde stengt sidan laurdag for å hindra at folk stormar bankane og tek ut pengane sine.