Hopp til innhold

Krisekutt i kommunane

Finanskrisa fører til at det blir mindre pengar til skule og helsetilbod i kommunane neste år.

Olav Ullern, administrerende direktør Kommunenes sentralforbund (KS)

Administrerende direktør i Kommunenes sentralforbund, Olav Ullern, vil ha statsbudsjettet endra.

Foto: Reidar Westberg / NRK

Regjeringa legg i statsbudsjettet opp til at kommunane skal få større skatteinntekter. Dette er endra av Finanskrisa.

Olav Ullern, leiar av kommunane sin interesseorganisasjon KS, krev at statsbudsjettet må endrast.

Ulf Leirstein

Nestleiar i finanskomiteen, Ulf Leirstein (Frp).

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

- Svært vanskeleg

- Vi er alvorleg uroa for at skatteinngangen neste år blir dårlegare enn det er lagt opp til i statsbudsjettet.

Det vil føre til ein svært vanskeleg situasjon i ein periode der det er stort behov for aktivitetsvekst, og ikkje minst der forventningane hos både sentrale politikarar og folk flest er ganske store.

Ullern meiner derfor at statsbudsjettet må endrast slik at inntektene til kommuane blir større.

- Vi meiner at det må vere grunnlag for det, seier han.

LES OGSÅ: KS krever garantier

Finanskomiteen

No er dette opp til finanskomiteen. Der ligg statsbudsjettet til behandling fram til slutten av november.

Nestleiar i komiteen, Ulf Leirstein (Frp), meiner også det bør gjerast store endringar:

- For det første må vi få ordentlege tal på bordet om kva som vil vere den naturlege skatteveksten neste år. Og så handlar dette rett og slett om kroner og øre. Det handlar om å gje meir til kommuane for å kunne gje betre tenester ut til folk flest.