Hopp til innhold

Krev tiltak mot uføre-auke

Nestleiar Arve Bakke i Fellesforbundet meiner næringslivet ikkje legg forholda godt nok til rette for at flest mogleg skal kome i arbeid.

Arve Bakke er nestleiar i Fellesforbundet.
Foto: Lise Åserud / Scanpix

I dag kom tala frå Arbeids- og velferdsetaten som viser ein ny auke i talet på uføretrygda. Auken er størst  i gruppa under 30 år.

Arve Bakke meiner at alle skal ha eit tilbod om arbeid som er tilpassa kvar enkelt si helse.

- Bedriftene må leggje forholda betre til rette for dette, seier han.

 

Finn Bergesen er administrerande direktør i NHO
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Offentleg ansvar

Bakke møter motbør hos Næringslivets Hovedorganisasjon NHO.

- Feilen ligg ikkje hos oss. Vi kan ikkje skape arbeidsplassar for å ta inn folk. Vi må skape arbeidsplassar fordi det er lønsamt. Det er urimeleg å setje fokus på arbeidsgjevaren i denne saka, seier administrerande direktør i NHO, Finn Bergesen.

Han meiner det er det offentlege sitt ansvar å leggje forholda til rette for at flest mogleg skal få tilbod om arbeid.

Norske styresmakter er spesielt uroa over auken i talet på uføretrygda i aldersgruppa under 30 år. Forsking viser at det er psykiske lidingar og det ein kallar samansette lidingar som står for mesteparten av denne auken.

Samansette lidingar kan til dømes vere kjensla av psykisk press som igjen fører til muskel/skjelett-lidingar. Det kan også vere menneske med rusproblem som utviklar angst.

Betre innsats

Arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie kan ikkje love store endringar på kort sikt, men meiner at ein effektiv og målretta organisering av den nye Arbeids- og velferdsforvaltinga vil føre til ein betre innsats overfor langtidssjuke.

Han meiner at auken i talet på uføre, som var på 2,7 prosent frå juni 2005 til juni 2006, viser at arbeidet med å inkludere fleire i arbeidslivet er viktigare nokon gong.

Det er færre som får varig uførepensjon, medan den store auken er i gruppe som får tidsavgrensa uførestønad.

Tor Saglie meiner at alle partar må forsterke innsatsen sin for å inkludere så mange som mogleg å arbeidslivet. Det gjeld både arbeidsgjevarane, legane og styresmaktene, seier han.

Saglie peikar også på at det er viktig å finne løysingar som førebygg utstøytinga frå arbeidslivet, og å hindre prosessar som fører til uførepensjon.

Høgre-leiar Erna Solberg  etterlyste i dag initiativ frå regjeringa for å snu den negative trenden. Ho håpar at regjeringa kjem med klare og konsise tiltak i statsbudsjettet for 2007.

IA-avtalen

For fire år sidan vart den første IA-avtalen inngått mellom NHO, arbeidstakarorganisasjonane og det offentlege. IA-avtalen står for avtalen om eit inkluderande arbeidsliv.

Noreg sin arbeidsmarknadspolitikk er ein del av den nordiske modellen, som inneber eit samarbeid mellom bedriftene og det offentlege til å få flest mogleg i arbeid.

Avtalen om eit inkluderande arbeidsliv har eksistert i fire år, og avtalen vart fornya i år. Håpet var at avtalen skulle føre til at færre menneske vart utstøytte frå arbeidslivet, men dette har altså ikkje skjedd.

IA-avtalen er ei friviljug ordning for bedriftene. Forsking viser at bedrifter som er med i IA-avtalen kan vise til positive resultat både når det gjeld sjukefråver og tilsette som blir uføre.

Desse bedriftene opplever at sjukmeldingane blir kortare, og at færre blir uføretrygda.

Rundt 60 prosent av norske arbeidstakarar arbeider i bedrifter som er med i IA-avtalen. Tiltak for uføre