Hopp til innhold

Kraftig nedtur for dollaren

Den amerikanske dollaren fell kraftig, samstundes som prisen på gull er rekordhøg.

Ben Bernanke er sjef for den amerikanske sentralbanken.

Ben Bernanke er sjef for den amerikanske sentralbanken, Fed.

Foto: Susan Walsh / AP

Midt på dagen i dag var dollarkursen på rett under seks kroner . Det er enno eit stykke til nivået for vel to år sidan, då dollaren var nede i under fem kroner, men fallet er likevel markant.

Dollaren styrkte seg ein del i august i år, men sidan september har det gått nedover. No er den amerikanske valutaen på sitt lågaste nivå på fem månader.

Rekordpris på gull

Amerikanske investorar flyktar i stadig sterkare grad over til gull, og gullprisen har sett stadig nye rekordar dei siste vekene. I dag blir gull omsett for 1.293,10 dollars for ein ounce. Ein ounce er ca 31,1gram.

Samstundes har euroen styrkt seg mot dollaren. Årsaka til dette er at salet av statsobligasjonar i fleire av dei gjeldstyngde landa i EU har gått betre enn forventa.

Det kraftige fallet for dollaren kan også ha med at det er rentemøte i USA i dag, og investorar er spente på om den mektige sentralbanken, stort sett kalla Fed, vil gripe inn.

Statsobligasjonar

Det har blitt spekulert i om Fed vil kjøpe fleire amerikanske statsobligasjonar, og dermed presse dei lange rentene enda lenger ned. Dette gjer det mindre attraktivt å investere i dollar, og mange investorar flytter over til andre valutaer eller til råvarer.

Ein svak dollar er godt nytt for norske turistar i USA, men dårleg nytt for bedrifter som eksporterer varer til landet.