Ikkje sidan januar 2003 har vi betalt så mykje for elektrisk kraft som i dag. Årsaka er at straumforbruket denne vinteren har vore svært høgt, og at det er lite snø i fjellet.
Det store snøfallet på Sør- og Austlandet har kome på feil plassar. Snøen har i stor grad falle ved kysten, medan fjellområda har fått heller lite.
Dei fleste hugslar sikkert vinteren 2002-2003. Dåverande energiminister Einar Steensnæs (KrF) vart jaga frå studio til studio og måtte svare for at straumprisen vart over krona for kilowattimen.
Dei med lite pengar klarte ikkje rekningane, og to av tre nordmenn ville ha politisk styrt straumpris.
For første gong sidan januar 2003 er straumprisen på marknadspriskontraktar over 50 øre kilowattimen.
Kraftmeklar Håkon Knutstad i selskapet Bergen Energi forventar at prisane vil halde seg høge i tida framover.
For tre år sidan retta folk sinnet sitt mot kraftselskapa. No seier direktør Erik Lund-Isaksen i Forbrukarrådet at vi må ta ansvar sjølve.