Hopp til innhold

Kollaps for bilindustrien i Europa

Etterspurnaden etter bilar i Europa har gått kraftig ned, og det er få lyspunkt i sikte. Peugeout og Citroën har nærast halvert nybilsalet sitt i Tyskland det siste året.

Peugeot 2008

Den nye Peugeot 2008 vart tysdag vist fram for første gong, under årets bilshow i Geneve i Sveits. Det franske selskapet er det som slit mest i den svært så deprimerande bilmarknaden i Europa.

Foto: Fabrice Coffrini / AFP

Det 83. årlege bilshowet i Genève i Sveits gjekk i går av stabelen. Med glitter og stas viser vakre modellar som vanleg fram dei ferskaste bilmodellane frå heile 250 utstillarar. Men på bakromma er stemninga dyster.

Ein må heilt tilbake til 1995 for å finne like låg etterspurnad etter nye bilar i EU-landa som i fjor. I dei 27 EU-landa vart det selt 8,2 prosent færre bilar i 2012 i høve til året før, rapporterer bilindustrien i forkant av det internasjonale bilshowet.

Hovudårsakene til nedgongen seiast å vere dårlegare løningar, gjeldskrise og statlege kutt blant dei europeiske styresmaktene.

Milliardtap

SWITZERLAND-AUTO-SHOW

Den franske industriministeren og sjefen i PSA Peugeot-Citroen gjer det dei kan for å promotere det kriseråka selskapet under ei pressekonferanse i Geneve.

Foto: Fabrice Coffrini / AFP

Aller verst har det vore i Frankrike og Italia, der nybilsalet har falle med høvesvis 12 og 17 prosent. Til og med Tyskland, som er den mest robuste økonomien i EU, har opplevd ein nedgang på over 10 prosent.

Og det er det franske konsernet PSA Peugeout-Citroen som har opplevd den mest markante nedgongen. I Tyskland har dei to bilmerka opplevd ein samla nedgang på heile 40,6 prosent i høve til i fjor. Dette har påført konsernet eit tap på heile 37 milliardar kroner.

Dårleg går det også for Opel, med ein nedgang på 21,2 prosent og Ford med ein nedgang på 19,4 prosent.

Ingen lyspunkt i sikte

Industrileiarane har uttrykt pessimisme i spørsmålet om den europeiske bilmarknaden kjem seg snart. BMW-sjef Norbert Reithofer seier til Reuters at det truleg berre kjem til å bli verre.

– Me trur at dei fundamentale problema i Europa, som handlar primært om gjeld, kjem til å vare i minst fem år til.

Toyota sin Europa-sjef, Didier Leroy, teiknar eit liknande bilete.

– Så langt i år har nybilsalet i Europa halde fram med å vere ekstremt deprimerande.

Kina snart verdas mestkjøpande

Men det finst eit lyspunkt i Storbritannia, der forbrukarane har gått i mot trenden i Europa. Her har sala gått opp med 5,3 prosent i høve til i fjor, ifølgje Reuters.

Utanfor Europa har den amerikanske bilmarknaden opplevd ein framgang dei siste månadene etter fleire år med krisetider, medan Asia opplever ein robust framgang.

Kina kjem truleg snart til å bli verdas mestkjøpande bilnasjon. 14 millionar køyrety vart selt her i 2012, ein auke på seks prosent. USA held framleis ein knipen førsteplass i verda med 15,2 millionar selte køyrety.