Kjenner seg lurt av Terra

Terra tok ikkje med informasjonen om høg risiko då selskapet omsette informasjon frå engelsk til norsk.

Kjell Idar Juvik, ordfører i Hemnes

Ordførar i Hemnes, Kjell Idar Juvik, meiner at Terra har ført dei bak lyset.

Foto: Helge Aarrestad / NRK

I presentasjonen som Terra la fram for kommunane, sto det difor ikkje kor usikkert det er å investerere i dei amerikanske fonda.

Ordførar i Hemnes, Kjell-Idar Juvik, seier til NRK at kommunen baserte investeringa på den informasjonen som kom direkte frå Terra.

 - Eg har iallfall gjort det, og eg har inntrykk av at kommunestyret har gjort det, seier Juvik.

Hør: - Informerte ikke om høy risiko

Dei fire nordlandskommunane fekk den engslske presentasjonen der det tydeleg framgår at investeringane som Terra tilbyr er risikable.

Men ifølgje VG skal både politikarane og tilsette i administrasjonen ha oppfatta det slik at informasjonen dei fekk på engelsk og norsk var den same.

Men slik var det ikkje, framgår det av ei samanlikning avisa har gjort.

- Informasjon teken bort

Informasjonen om den høge risikoen i den amerikanske obligasjonsmarknaden er tydeleg i det engelske materialet, men er teken heilt bort i den norske versjonen. Det står ikkje noko på norsk om at Citibank låner for langt større verdiar enn kommunane har skote inn

Hemnes-ordfører Kjell-Idar Juvik meiner saman med dei andre kommunane at Terra har ført dei bak lyset.

Les: Terra kan ha brutt loven

Sjølv om kommunen hans skulle gå på tap i hundre millionar-klassa, kan både Citibank og Terra håve inn enorme honorar. For det heile er laga slik at Citibank og Terra får inn pengar uavhengig av om kommunane lukkast med investeringa eller ikkje, skriv Aftenposten i dag.

Det dempar neppe irritasjonen frå tidlegare i veka.

- Eg føler at Terra ikkje har tatt ansvaret på rådgiver-sida. Det er heilt klart, avslutter Juvik.