- Er me snart så rike her til lands at me ikkje har råd å produsere eigen mat, spør leiar Bjarne Undheim i Norges Bondelag.
Det er sjelden i juletida at det rumlar i tome magar, men det romlar i mange andre ting.
Den som ein stjerneklar kveld står og ser etter Karlsvogna kan kanskje finne denne på Aker Brygge, full av stjerneadvokater som frys på øyrene då hattane er borte.
Slik kan tankane vandre når ein sit i fjellheimen til Arne Garborg og ser utover Jæren. Vestover ligg Jæren med sjøen i synsranda, austover er det fjell og himmel. Noko meir jordnært trur eg ikkje augo kan kvila på. Ein kan undrast korleis Jæren, Rogaland og resten av Norge hadde vore utan små og store gardar som gjev liv i bygdene, vekst og groe på dei utrulegaste stadar. Hadde jula vore den same?
Fjøsstellet julekvelden inneheld ein ekstra dask med kraftfôr til ku og gris, litt ekstra fint høy attåt surfôr til kua samstundes som ein snakker til dyra. Dei er lydhøyre, mest som dei nikkar og er einige. Det gjer godt i ei bondesjel å få noko forståing for det ein snakkar om. Dyr kan vere klokare enn menneskje, ”trur eg”.
Aldri har me i dette landet arbeidd mindre for maten og aldri har med klaga meir. Er me snart så rike her til lands, at me ikkje har råd å produsere eigen mat, eller for den saks skuld, kva klarar me å produsera?
Nei, lat oss gløyme slike ting til over nyttår, nyt freden, maten og livet.
P.S. Tru om Øystein Hedstrøm serverar svensk graut til sine nissar ?