Hopp til innhold

Kan tene 50 ekstra oljemilliardar

Oljeprisen blir pressa vidare opp på grunn av uroa i Midtausten. Noreg kan tene 50 milliardar kroner om oljeprisen held seg ut året.

Video Høgare oljepris etter opprør i Midtausten

Noreg tener på høgare oljepris etter upprør i Midtausten.

I dag passerte iranske krigsskip gjennom Suezkanalen for første gong sidan 1979. Israel ser på hendinga som ein provokasjon .

Dei som opererer i oljemarknaden følgjer nøye med på uroa i Midtausten. Regionen står for 30 prosent av produksjonen av olje i verda.

Etter at presidentane i Tunisia og Egypt har gått av, er det starta protestaksjonar mot statsleiinga i ei rekke land .

Produksjonsstans

Thina Saltvedt, råvareanalytiker i Nordea

Råvareanalytikar Thina Saltvedt i Nordea trur på høgare oljepris om uroa i Midtausten spreier seg.

Foto: Johan B. Sættem
Bensinstasjon

Høgare oljeprisar betyr dyrare bensin.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

No fryktar marknaden at det skal bli dårlegare tilgang på olje.

– Det er klart at dersom denne uroa startar å spreie seg, og påverkar oljeproduksjonen ved at det oppstår streik eller andre ting, så kan vi ikkje sjå vekk frå at også produksjonen og eksporten til verdsmarknaden stansar opp noko, seier oljeanalytikar Thina M. Saltvedt i Nordea Markets.

I januar passerte oljeprisen 100 dollar fatet for første gong etter finanskrisa slo inn i 2008. I mellomtida har prisen vore nede i så lite som 35 dollar fatet .

Dyrare bensin

På oljebørsen blir nordsjøolje no omsett for 103 dollar fatet. Held denne prisen seg ut 2011, vil Noreg tene store pengar.

– Oljeprisen målt mot det som ligg til grunn i nasjonalbudsjettet, har auka med rundt 100 kroner fatet. Det betyr ein auke på rundt 50 milliardar kroner inn i statskassa, seier Saltvedt.

Dei ekstra kronene går rett i Oljefondet, eller Statens Pensjonsfond Utland, medan norske forbrukarar må rekne med å betale meir både for bensin og flybillettar.

Det er framleis eit godt stykke opp til rekordprisen på 146 dollar fatet , som vart nådd i juni 2008.