Hopp til innhold

Går meklarane i saumane etter juks og slurv i bodjournalane

Finanstilsynet tek opp kampen mot juks, slurv og latskap i bodjournalane til eigedomsmeklarane. I fjor greidde tilsynet for aller første gong å dokumentera bodjuks under salet av ein bustad.

Bodgjevarar har rett på å få innsyn i bodjournalen

Bodgjevarar har rett på å få innsyn i bodjournalen, men meklarane er ikke alltid like flinke til å føra og å senda ut loggen til alle bodgjevarar som ber om den.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / Scanpix

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Wilhelm Mohn Grøstad i Finanstilsynet

Wilhelm Mohn Grøstad er seksjonsdirektør for eigedomsmekling og inkasso i Finanstilsynet. Han varslar at etaten i år skal sjå spesifikt på rutinesvikt og feil i bodjournalane til eigedomsmeklarane.

Foto: CF-Wesenberg / kolonihaven.no

Fleire bustadkundar klaga i fjor til Finanstilsynet etter mistanke om at meklaren hadde lagt inn fiktive bod under bodrundar dei hadde delteke i. For første gong klarte tilsynet å bevisa påstandane til klagarane.

I tillegg får Reklamasjonsnemda for Eigedomsmeklingstenester jamleg inn klager frå personar som ikkje har fått innsyn i bodjournalen etter at bodrunden er over.

No varslar tilsynsetaten at dei vil ha eit skjerpa blikk inn mot eigedomsmeklarane si handtering av bodjournalen under inspeksjonane i eigedomsmeklarbransjen i 2012.

– Under tilsynsverksemda i år vil me leggja særleg vekt på å undersøkja om aktørane har ført bodjournalen på korrekt måte, og om kundane har fått innsyn i denne slik dei har rett på, seier Wilhelm Mohn Grøstad, seksjonssjef for eigedomsmekling i Finanstilsynet.

Avslørte bod frå «Skybert»

Meklaren og meklarføretaket får provisjon av den endelege salssummen, og tener difor meir, jo meir bustaden blir seld for. Målet med «bodjuks» er å pressa dei reelle aktørane i bodrunden til å gje høgare bod.

I fjor avdekte Finanstilsynet at ein meklar tilsett ved BOB Eiendomsmegling AS i Bergen hadde lagt inn fiktive bod i tre bodrundar. I den eine saka førte det til at den reelle bodgjevaren baud 165.000 kroner over seg sjølv.

Ein grundig gjennomgang av journalar, aktivtetsloggar, telefonloggar e-postar og diverse saksdokument førte til den første avsløringa av bodjuks i Noreg.

I ei anna sak fann Finanstilsynet det svært sannsynleg at meklarføretaket Ditt Meglerteam AS i Oslo hadde opplyst kjøpar om bod som ikkje var reelle. Meklaren kunne ikkje dokumentera at den konkurrerande bodgjevaren eksisterte, og hadde ikkje ført inn desse boda i loggen som kjøparen fekk tilsendt.

Kjøparen meiner sjølv at han blei lurt til å auka bodet sitt med 600.000 kroner i bodrunden på grunn av jukset.

Sjølv om Finanstilsynet i denne saka ikkje kunne slå fullstendig fast at den eine bodgjevaren var ein «skybert», hadde meklarføretaket gjort så grove feil i bodprosessen at det likevel mista løyvet til å driva med eigedomsmekling.

– Avhengige av truverd

– Det er glimrande at tilsynet no skal ettergå føringa av bodjournalar i bransjen. Det er berre positivt for oss, fordi ein meklar er avhengig av å ha full truverd hjå kundane, seier direktøren i Norsk Eiendomsmeglerforbund (NEF), Finn Tveter.

Han erkjenner at det finst meklarar som både juksar og held tilbake bodjournalen, men påpeikar at det er yttarst få.

– Det er utruleg dumt å vera slapp med føringa av bodloggen eller å vera så galen at ein fører inn falske opplysningar. Men i alle bransjar finst det nokre få som bryt reglane, diverre, seier Tveter.

Finanstilsynet mistenkjer heller ikkje at bodjuks blant eigedomsmeklarane er eit utstrakt problem, men meiner det er behov for å rydda opp i rutinane rundt føringa av bodjournalen.

– Gjennom den generelle tilsynsverksemda vår har me fått inntrykk av at nokre av føretaka i bransjen ikkje har gode nok rutinar relatert til dette.

Jurist og rådgiver i Forbrukerrådet,Øyvind Næss

Øyvind Næss frå Forbrukarrådet stadfestar at klagenemda for eigedomsmekklinstenester får inn klager på manglande innsyn eller feil i bodjournalen.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / Pressefoto

Medan dei grovaste lovbrota blir handsama direkte av domstolane eller av Finanstilsynet, får også Reklamasjonsnemda for Eigedomsmeklingstenester inn mange klager på mindre alvorlege lovbrot i samband med bodjournalen.

Øyvind Næss sit i nemnda og opplyser at dei har eit jamt tilsig av klager på manglande innsyn i bodprotokollen etter bodrundar.

– Ja, det er ei problemstilling eg har vore borte i fleire gonger sidan eg begynte i Reklamasjonsnemnda for eit halvt år sidan. Det er ikkje uvanleg at folk må masa mykje for å få tilsendt bodjournalen, seier Næss.

– Slurv og rutinesvikt

Har du gjeve bod på ein bustad, har du nemleg rett til innsyn i den endelege bodloggen.

Retten til innsyn gjeld uansett om bodet ditt vann fram eller ikkje. Kjøpar og seljar har krav på ein fullstendig kopi av loggen, medan andre bodgjevarar kan be om å få ei anonymisert utgåve av denne.

Ein gjennomgang NRK har gjort, syner at nemnda fekk inn sju klager på innsynsbrot i 2011. I fire av sakene fekk klagaren medhald og meklaren blei felt for å ha opptredd i strid med god meklarskikk.

Kvifor unnlét meklarar å senda ut bodjournalen når dei veit at bodgjevarane har lova på si side?

– Det vil eg ikkje spekulera i, men i ein del tilfelle er det snakk om rein slurv. Nokre seier dei har for dårlege registreringsverktøy, andre er i ein pressa arbeidssituasjon og har ikkje tid til å føra og senda ut bodprotokollen like etter at bodrunden er ferdig, svarar Grøstad i Finanstilsynet.

Tveter i Norges Eiendomsmegerforbund seier han forstår argumenta, men påpeikar at ein eigedomsmeklar uansett må gjera jobben sin i tråd med regelverket.

– Ein skal ikkje ta på seg oppdrag ein ikkje har høve til å gjennomføra. Systemet er bra og her går det an å gjera jobben etter boka. Då må det også vera målet, seier direktøren.

visning bolig eiendomsmegler

Har du gjeve bod på ein bustad, har du rett til innsyn i den endelege bodloggen.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX