Hopp til innhold

Jobbar meir for mindre løn

Tilsette i Europas største Telekom-selskap, Deutsche Telekom, går med på ein kraftig reduksjon i løna. I tillegg skal dei jobbe meir.

Deutsche Telekom

Personalsjef i Deutsche Telekom Thomas Sattelberger (v) og fagforeningsleder for ver.di Lothar Schröder.

Foto: BERTHOLD STADLER / AFP

- Med den avtalen har vi redda minst 50.000 arbeidsplassar og skapt grunnlag for tusenvis av nye, seier personalsjef i Deutsche Telekom, Thomas Sattelberger.

Seks veker streik

Den eigenarta avtala kom i stand etter seks veker med streik og åtte døgn med forhandlingar.

Bakgrunnen er denne: Deutsche Telekom ønsker å kutte kostnadane med mellom fire og åtte milliardar kroner årleg for å vere konkurransedyktig.

Lønsreduksjon

Telegiganten ville skilje ut serviceinstitusjonen og betale dei 50.000 tilsette der ni prosent lågare løn. Forslaget utløyste den første streiken i Deutsche Telekom på tolv år. I forrige veke sette partane seg saman og i går kom resultatet: Dei tilsette går med på ein lønsreduksjon på 6,5 prosent og på å auke arbeidsveka med fire timar.

Til gjengjeld får dei 50.000 tilsette i servicedivisjonen som no blir eige selskap, garantiar mot oppseiingar fram til 2012 og mot sal dei kommande tre åra.

Trygga arbeidsplassar

- Målet vårt var å trygga arbeidsplassane, og det har vi klart, seier Lothar Schröder, forhandlingsleiar for fagforeninga, men verken fagforeninga eller selskapet seier seg heilt nøgd med kompromisset.

Det gjer imidlertid marknaden som sende Telekom-aksjen opp med meir enn to prosent.