Hopp til innhold

«Sjokkterapi»: Japan pumpar 8.100.000.000.000 kroner inn i økonomien

Sentralbanken i Japan doblar pengebeholdninga og set dermed ny verdsrekord i eit forsøk på å få økonomien på fote.

Bank of Japan Governor Haruhiko Kuroda

Haruhiko Kuroda presenterte i dag nokon av dei mest radikale planane nokon sinne gjort av ein sentralbank.

Foto: YUYA SHINO / Reuters

Yenen falt med 3 prosent og japanske statsobligasjonar gjekk til eit rekordlågt nivå etter at den japanske sentralbanken i dag lanserte ei stimulansepakke på 270 billionar yen, eller på norsk; 8,1 billionar (tusen milliardar) kroner.

Denne radikale pengetrykkinga fører til at Japan sin pengebeholdning vil nesten doble seg fram til slutten av 2014. Pengetrykkinga er historisk – aldri før i moderne tid har ein stat tilført så mykje pengar inn i ein økonomi ut frå løyse lufta.

Tiår med stagnasjon

Etter den eventyrlege veksten den japanske økonomien opplevde frå etterkrigstida og fram til børskrakket på 1980-talet, har det stått bom stille. No er det ikkje berre snakk om eit tapt tiår for Japan – det har gått over 20 år med liten eller ingen økonomisk vekst.

Japansk valuta

Ein mann går forbi ei elektronisk tavle som viser vekselraten mellom japansk yen og amerikansk dollar. Yenen stupte med 3 prosent etter annonseringa til sentralbanken.

Foto: NTB Scanpix

Den globale finanskrisa og tsunamikatastrofen i 2011 har gjort situasjonen endå verre for landet i aust.

Avgjersla til sentralbanken i Japan er rekna som ein sjokkterapi for å få start på den stagnerte økonomien.

– Dette er kvantitative lettingar i ein grad som aldri har blitt gjort før, seier ein smilande Haruhiko Kuroda under hans første pressekonferanse som sentralbanksjef.

– Eg er sikker på at me i dag har gjort alle nødvendige tiltak for å nå målet om 2 prosent inflasjon på to år, seier han, og viser til at det viktigaste målet til sentralbanken er å unngå eit fall i prisane.

Stor risiko

I tillegg til at sentralbanken set seddelpressa i gang, har styresmaktene planar om å senke skattane. Målet er at japanske selskapar skal auke lønningane, slik at forbrukarar vil bruke meir pengar, som igjen skal skape prisstigning.

Bank of Japan er ifølgje Reuters den einaste av dei store sentralbankane som har gått frå målet om å halde renta stabil. Den konsentrerer seg berre om å styre pengebehaldninga, altså kor mykje pengar den vil pumpe inn i økonomien.

Kritikarane meiner at sentralbanken no vil ta på seg ein enorm risiko ved å eige så mykje statleg gjeld. Dersom dei ikkje klarar å halde prisane oppe kan investorar miste trua på evna sentralbanken har til å gjenopplive økonomien.

Den amerikanske sentralbanken – Federal Reserve – er kjend for å vere den største pengetrykkaren i verda. Gjennom gjentekne kvantitative lettingar etter finanskrisa brukar dei no 85 milliardar dollar i månaden. Det er så vidt over nivået Bank of Japan no vil leggje seg på. Japanarane planlegg no å trykke 70 milliardar i månaden, sjølv om den japanske økonomien ikkje utgjer meir enn ein tredjedel av den amerikanske.