NRK Meny
Normal

Fryktar sjokkrekning - vel fastpris

Frykta for skyhøge straumrekningar for folk til å strøyma til hjå billege kraftleverandørar. Fastprisavtale har aldri vore meir ettertrakta.

Folk fyktar sjokkrekning på straumen

Folk vil unngå sjokkrekningar frå kraftselskapa i år, og stadig fleire ber no om fastpris på straumen.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Dei billegaste straumleverandørane har i heile haust hatt stor pågang av kundar på jakt etter billegare og meir forutsigbare straumprisar.

Folk hugsar den beinkalde vinteren i fjor, med dei høgaste prisane som nokonsinne har vorte registrert.

Kostar skjorta

No er prisane på veg opp att. Rekordlåge vassmagasin, rekordkulde i november og rekordhøgt straumforbruk gjer at det kostar skjorta å skru på straumbrytarane.

Førre veke åleine auka straumprisane i Midt-Noreg og Nord-Noreg med heile 18 prosent, ifølgje NVE.

I går skreiv VG at straumprisen hadde aukt med 30 prosent i alle delar av landet, unnateke i sørvest.

Salsansvarleg i Trønderenergi, Jøran Ødegaard, kan stadfesta at hushaldningane no er på desperat leit etter forutsigbare straumprisar

– Rekordmange vil ha fastpris

Kulde og strøm

Sprengkulda fører til dyre og uforutsigbare straumprisar for forbrukarane.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Me har aldri hatt ein så stor tilstrøyming av kundar til fastpris som me har hatt i haust. Det er tydeleg at fjorårsvinteren sit friskt i minnet hjå ein del kundar. Ein ønskjer å sikra seg på ein fast straumpriskontrakt, seier Ødegaard.

Også Kraftselskapet Hurum Kraft har hatt stor pågang i haust.

– Spesielt då kulda sette inn i november. Svært mange ber om fastpris, og det er ei jamn tilstrøyming til dei billegaste spotprisavtalane, fortel dagleg leiar Ragnar Nilsen.

Jaktar billeg straum

NRK har snakka med fleire av kraftseljarane som no er på topp blant dei billegaste på Konkurransetilsynet sitt kraftprisbarometer.

For øyeblikket er det Gudbrandsdal Energi som tilbyr den billegaste straumen, og svært mange vil bli straumkunde der.

– Auken har vore kolossal. Det er fleire hundre som bestiller kraft frå oss kvar dag, pågangen er veldig stor, fortel marknadssjef Jan Jansrud.