Island kuttar renta til 4,5 prosent

Sentralbanken på Island har bestemt seg for å kutte renta med 1 prosentpoeng til 4,5 prosent.

Sjef for den islandske sentralbanke, Mar Gudmundsson

Mar Gudmundsson, sjefen for den islandske sentralbanken, på eit møte i sommar.

Foto: Reed Saxon / Ap

Den islandske Sedlabanka gir, som vanleg, ingen grunn for kvifor dei kuttar renta. Ifølgje nyheitsbyrået AFP vil dei gi meir informasjon seinare i dag.

I går kom meldinga om at Island er ute av resesjon for første gong på to år. I sju kvartal på rad har økonomien på Island krympa.

Også i år har økonomien gått ned med 1,6 prosent, mot 6,8 prosent i fjor.

Sentralbanksjed Mar Gudmundsson vil gi meir informasjon klokka 13 norsk tid, skriv islandske Morgunbladid.

Sidan finanskrisa skapte store økonomisk problem på Island mot slutten av 2008, har Island kutta renta frå 18 prosent.

Sentralbanken har sidan då kutta krafig i lånekostnadane i eit forsøk på å få fart i økonomien igjen.